Oppstart: Torsdag 25. sept. kl. 19:00 - 21:00
Stad: Kyrkjetorget, Forsand kyrkje!
Kva er Alpha?
Målet med Alphakurs er å introdusera grunnleggande aspektar av den kristne trua gjennom undervisning, grupper, fellesskap og måltid.
Alphakurs er særleg tilrettelagt for folk som er nysgjerrige på den kristne trua, samtidig som det og passar godt for kristne som ynskjer å vete meir om den kristne trua og bli betre kjent med Jesus.
Over 30 millionar menneske i meir enn 150 land har deltatt på eit Alphakurs dei siste 30 åra.
Alphakurset inneheld desse tema:
Torsdag, 25. sept. Kven er Jesus?
Torsdag, 2. okt. Kvifor døde Jesus?
Torsdag, 16. okt. Korleis kan eg tru?
Torsdag, 23. okt. Kvifor og korleis skal eg be?
Torsdag, 30. okt. Kvifor og korleis lese i Bibelen?
Fre/ lør, 7.-8. nov. Korleis leier Gud oss?
Kven er Den Heilage Ande?
Kva gjer Den Heilage Ande?
Korleis kan eg bli fylt av Den Heilage Ande?
Torsdag, 13.nov. Korleis kan eg stå imot det vonde?
Torsdag, 20.nov. Lækjer Gud i dag?
Torsdag, 27.nov. Kvifor og korleis fortelje det til andre? -
Torsdag, 4.des. Korleis gjere det beste ut av resten av livet?
Kva med kyrkja?
Slik ser ein vanleg kveld ut:
– 19.00 Enkel kveldsmat
– 19.30 Felles samling med undervisning eller film
– 20.00 Gruppesamtale med kaffi
– 21.00 Slutt
Du blir ein del av den same gruppa heile kurset gjennom, og du bestemmer sjølv kor mykje du vil dele. Det er god plass til spørsmål, tankar og undring – heilt utan prestasjonskrav.
Meld deg på her eller send sms til Ole Wollert tlf 41561737
Spørsmål: Kontakt gjerne Alpha komitéen: Andreas Frantzen, Arne Berge,
Eli Nygård, Ingunn Fossan, Kjersti Rettedal og Ole Wollert Meyer
Arr: Forsand kyrkjelyd, Normisjon og Huskyrkja