Ordførar Morten Sognnes deltok på opninga og understreka at dette er eit tiltak kommunen set stor pris på. Han framheva òg det gode samarbeidet mellom kyrkja og kommunen, som har vore viktig for å få prosjektet realisert. Den namna minnelunden er eit viktig tillegg til gravplassen vår. Ho gir auka kapasitet og eit nytt alternativ for dei som ønskjer ei gravferdsløysing som vert stelt og vedlikehalden gjennom heile året. Samstundes er dette eit meir rimeleg alternativ enn tradisjonell gravstein. Morten fekk òg æra av å erklære den namna minnelunden på Austrheim for opna. Tidlegare kyrkjeverje Leif Arne Økland fortalde om oppstarten av prosjektet og vegen fram til ferdig anlegg. Han delte òg tankane bak utforminga, som er teikna av arkitekt frå Akasia. Ideen har vore under utvikling over lang tid. Utforminga av minnelunden er rik på symbolikk. Kvar namneplate er utforma som ein gravert spegel som speglar himmelen. Namna er festa på stolpar som står i blomsterbedet og symboliserer støvbærarar. Slik knyter anlegget saman tankar om livet, naturen og håpet som ber gjennom generasjonane. Kyrkjeverje Jostein Hauge håpar den namna minnelunden vert eit tilbod som vert godt teken imot av innbyggjarane. Om eit par veker vil dei første namna kome på plass. Vi takkar alle som møtte fram og som har bidrege til å gjere dette prosjektet mogleg.

