Råd og utval
Aurland kyrkjestyre:
Aurland kyrkjestyre har i 2024 hatt 3 møter og handsama 12 saker.
Rådsstruktur
Ordninga med forenkla rådsstruktur er godkjend som fast ordning frå 01. november 2023. Sokneutvala i kvart av dei 4 sokna består av alle som stod på lista til valet.
Medlemmar i kyrkjestyret 2024:
Frå Vangen sokn: Faste: Sigrid Sønnerheim Tønnessen (leiar)og Guttorm T. Brekke Vara: Liv Jorunn Vestreim og Elin Renée Aaserud
Frå Flåm sokn: Faste: Inger Lise Skjerlie og Gerd Stave (nestleiar) Vara: Thorvald Andresen og Jorunn Heggdal
Frå Undredal sokn: Faste: Gunhild Strand Borlaug og Judit Torgersen Vara: Inger Oline Øy og Jofrid Roteigen
Frå Nærøy sokn: Faste: Svein Tufte og Ådne Ingvald Skiftun Vara: Per Ramsøy og Torunn Bakken
Kommunal representant: Fast: Kjell Bøe Bjørgum Vara: Johannes Dalsbotten
Geistleg representant: Då me ikkje har hatt sokneprest fast tilsett, so har prost Kjell Olav Høstaker Nordheim vore fast medlem.
Sekretær for kyrkjestyret: Kyrkjeverje Monica Finden
Det er ein fin balanse mellom kvinner og menn blant dei faste medlemmane i kyrkjestyret.
Sokneutvala:
Sokneutvala har i 2024 stilt opp som kyrkjevertar, med kyrkjekaffi, på dugnader og elles vore engasjert i det som gjeld deira kyrkje og sokn. Nokre av sokneutvala har jamnleg hatt møter, medan andre ikkje har vore so aktive på den fronten.
Tilsette
Staben under kyrkjestyret:
Det er ein stabil stab under kyrkjestyret, og det har vore minimalt med sjukefråvær i 2024, berre totalt 7 dagar eigenmeldt fråver og inga sjukemelding.
Frå hausten 2022 har Elin Mbogo-Svensson vore tilsett som kyrkjelydsarbeidar/trusopplærar på timebasis (etter eige val), og i 2024 har ho jobba tilsvarande ca. 10 % stilling. Stillinga er eigentleg 30%.
Inger Marie Holm Hjellum har vore kyrkjetenar i Vangen og Flåm kyrkje i tillegg til sekretær med tilsaman 30 % stilling frå 31.07.14 og fekk utvida med reinhald i 2016 og kyrkjetenar i Undredal i april 2019, slik at ho no har til saman 48% stilling.
Monica Finden har vore kyrkjeverje sidan 01.01.08 i 80 % stilling, men auka opp til fast 100 % frå 18.08.14 då sekretærstillinga vart redusert med 30%.
Liv Marit Tufte har vore kyrkjetenar på Bakka i 7 % stilling sidan pinsen i 1996.
Tormod Underdal vore tilsynshavarar i Undredal kyrkje sidan september 2020.
Stanislav Leontev har vore fast organist sidan 08.08.08 i 80 % stilling i månadane frå mars til og med mai, og frå oktober til og med desember. I hans fråver har me vore heldige å fått Sverre Martin Volle til å vikariere i dei fleste gudstenester, gravferder og vigslar, og me har hatt nokre andre vikarar.
Anders Aasen har velvillig stilt opp på andakter/sangstunder på helsetunet både med og utan prest og Stanislav, og er løna med pensjonistløn for det.
Prestetenesta:
Det har ikkje vore fast tilsett sokneprest i Aurland i 2024, men Nora Baartvedt har vore fast vikar. Ho er framleis under utdanning og kan ikkje tilsetjast fast før ho er ferdig med utdanninga. Ådne Skiftun har vore inne som vikar hovudsakleg i andakter på helsetunet og inn mot beredskapsteamet i kommunen.
Kjell Olav Høstaker Nordheim har vore prost i Sogn prosti i 2024.
Forvaltninga
Økonomi og investeringar:
Den kommunale overføringa for 2024 var kr. 2.814.000 til drift og kr. 566.000 til heving av Vangen kyrkjegard.
I 2024 mottok me kr. 145.588 i støtte frå kyrkjerådet/bispedømet til trusopplæringa.
Rekneskapen viser eit mindreforbruk på kr. 314.940,83. Hovudgrunnen til dette er at taket på Flåm kyrkje ikkje vart teke (budsjettert med kr. 200.000) og at pensjonskostnader er halvert frå kr. 260.641 i 2023 til kr. 131.707 i 2024, medan det var budsjettert ut frå 2023-tala.
På den enkelte funksjonen er dei største differansane i forhold til budsjett slik:
Kyrkjeleg administrasjon (funk 4100) går samla sett i balanse. Lønskostnader med kr. 40.000 er overført frå funk. 4100 til funk. 4410 for å få eit rettare kostnadsbilete jfr. funk. 4410. Møtegodtgjersle er 15.000 lågare enn budsjettert då det har få møter i 2024. Pensjonsinnskot er vél 80.000 lågare enn budsjettert og arb.g.avg. vert vél 11.000 lågare. Kjøp av tenester, internett og lisensar har samla ein diff. på 7.000 då desse utgiftene som bl.a. er IKTNH går litt «om ein annan». Utgifter til kurs og seminar er vél 11.000 høgare enn budsjettert og reiseutg. til dette er vél 3.000 lågare. Her ligg bl.a. kurs for kyrkjestyret etter valet, HMS-kurs for Inger Marie og Monica og kurs i samband med oppgradering av sakshandsamingssystemet i Labora det ikkje var budsjettert for. Straumutg. til kontoret er vél 8.000 lågare, men siste avrekning på straum kom etter at rekneskapen var avslutta og vart dermed ført på 2025. Løn- og rekneskapstenester er vél 11.000 høgare enn budsjettert. Her har kyrkjeverja budsjettert feil. Renteinntektene som påverkar resultatet er vél 9.000 høgare enn budsjettert. Renteinntektene av fondsmidlar er vél 12.000 høgare enn budsjettert, men det påverkar ikkje resultatet då dei vert sett på fond.
Kyrkjer felles (funk 4200) har samla sett ca. 15.000 i mindreforbruk. Største differansen er pensjonsinnskot med 30.000. Her er alle utgifter knytt organisttenester ført.
Vangen kyrkje (funk 4210) har samla sett ca. 43.000 i mindreforbruk. Dei største differansane er mindre pensjonsinnskot på 8.000 og ca 35.000 mindre i vedlikehold på bygg, anlegg og utstyr. Det er sendt søknad til kyrkjebevaringsfondet på tilskot til bl.a. nokre av desse tiltaka, so forhåpentlegvis vert det teke i 2025.
Flåm kyrkje (funk 4220) har mindreforbruk på ca 233.000, og dette knyter seg i hovudsak til at budsjettert vedlikehold av taket ikkje er gjennomført i 2024. Det er sendt søknad til Kyrkjebevaringsfondet på tilskot til forprosjekt på dette arbeidet då RA ikkje ville godta skifte slik det var tenkt.
Undredal kyrkje (funk 4230) har samla sett 18.000 i meirforbruk. Ca. 10.000 av dette er mindre leigeinntekter då det ikkje har vore vigslar for utanbygds der i år.
Bakka kyrkje (funk 4240) har samla sett 14.000 i meirforbruk. Det største avviket her er vedlikehald av utstyr med 38.444 i meirforbruk. Dette knyter seg til skifte av alarmsystem, andre elektriske reparasjonar og reparasjon av orgel. Elles er det kjøpt inn utstyr/benker, men dette påverkar ikkje resultatet då det er teke av fond.
Kyrkjegardar felles (funk 4300) har samla sett ca. 23.000 i mindreforbruk. Avgifter og gebyr er ca. 26.000 høgare enn budsjettert. Dette er so godt som berre avgifter for vatn til kommunen. Desse utgiftene er vanskeleg å treffe på då det er avhengig av korleis vêret er, om det er tørr eller våt sommar. Me har ca. 29.000 mindre enn budsjettert på graving av graver då det har vore få gravferder i 2024. Kr. 10.000 som var budsjettert til vedlikehold av bygg (bårehuset), 5.000 til vedlikehold av utstyr og 8.000 til knusing av gravminne er ikkje brukt. Her er alt som vedrører kyrkjegardane inkl. bårehuset ført samla.
Trusopplæringa (funk 4410-4415+4440) har samla sett vél 22.000 i mindreforbruk. Her er det overført 40.000 i lønskostnader frå administrasjon til trusopplæring for å få eit rettare kostnadsbilete då det er kyrkjeverja som har teke store deler av aktivitetane som ikkje trusopplærar har teke, samt at sekretær har hatt utsending av dåpshelsingar. Mindreforbruket på funk. 4413 var nesten 18.000 då det berre var 3 deltakarar på sommarleiren på Nesholmen og me delte transporten med Lærdal, og for 4414/konfirmantane var det mindreforbruk på nesten 13.000 då Vinterfestival på Voss vart flytta til Bergen og me valde å ikkje delta. Me valde å ha felles samling med Lærdal og Årdal i Årdal, samt leir på Lyngmo (Hafslo). Konfirmantkulla vert veldig små nokre år framover, men me må jobbe for å få fleire deltakarar på sommarleiren.
Smevang (funk 4450) har nokolunde i balanse.
Jevnt over ser me at innsamla midlar på takkoffer og andre innsamlingar vert redusert frå år til år. For Aurland sin del er takkoffer redusert frå kr. 46.525 til kr. 38.844 frå 2023 til 2024. Dette er ein reduksjon på kr. 7.681, 16%. Dette er ein trend over heile landet, og vil kunne ha store konsekvensar for dei organisasjonane som baserar seg på desse gåvene.
Sjå ellers fullstendig rekneskap og oversikt over gåvefonda.
Kyrkjegardsforvaltninga:
Skjerdal Landskapspleie utfører alt av vedlikehald og graving på kyrkjegardane i Aurland kommune. Dei har utført jobben på ein god måte og samarbeidet har vore godt. Me får mange gode tilbakemeldingar frå innbyggjarane på arbeidet dei utfører. Avtalen med Skjerdal Landskapspleie gjaldt for 2023/2024, og det er inngått ny avtale for 2025/2026.
Vangen kyrkjegard fekk i 2023 status som middelalderkyrkjegard etter funna som vart gjort i samband med dreneringsarbeidet. Dei eldste funna er datert til år 120-248.
Det har vore 13 gravferder i 2024, mot 12 gravferder i 2023.
Det vart gjennomført dugnader på alle kyrkjegardane i vår.
Kyrkjegardsregisteret ligg ute på nettsida, slik at alle som ynskjer det, kan finne fram til gravplassar i kommunen. Det ligg óg link til «Slekt og data» der ein kan finne informasjon og bilete av gravminne. Det aller meste av gravminne er fotografert i 2014-2016 og sende til DIS-Norge. Dei har lagt dette ut på nettet, og det ligg ope for alle til å søke på. Dette ser ut til å bli fortløpande oppdatert av DIS-Norge.
Vedtektene for kyrkjegardane vart sist revidert i 2014.
Kyrkjebygga og kyrkjegardane:
Kyrkjebygga våre er generelt i god stand.
Vangen kyrkje (1202, freda) fekk sprekkdannelsane reparert i 2021/2022. Dreneringsarbeidet er fullført hausten 2022, og varevindauga på glasmåleria er skifta ut. Reparasjonane vart dekka av løyving med kr. 400.000 frå kommunen og kr. 500.000 frå RA. Det er sendt søknad til Kyrkjebevaringsfondet til forprosjekt på logging av inneklima, termografering, tiltak på hovudinngangsdøra, forsterking av preikestolen, fjerning av svertesopp på taket og retusjering/flikking på div. inventar.
Flåm kyrkje (1670, verna) hadde eit stort vedlikehold saman med reparasjonane etter flaumen i 2014. Då vart ho bl.a. heva ca. 35 cm., og arbeidet var ferdig i 2016. Klokketårnet har fått 1 strøk med tjøre i 2023, men skal ha 1 strøk til. Taket var tenkt bytt i 2023/2024, men er utsett. I kommunen sin økonomiplan er dette sett til 2026. Det er sendt søknad til Kyrkjebevaringsfondet til forprosjekt til skifte/reparasjon av taket.
Undredal kyrkje (1147, freda stavkyrkje) vart sett i stand gjennom Stavkyrkjeprogrammet i 2014 for vel 5 mill. Då vart ho bl.a. heva ca. 30 cm.. Heile rapporten kan lesast på https://ra.brage.unit.no/ra-xmlui/handle/11250/2421086. I 2021 vart det montert videoovervaking av kyrkja. Kostnaden på vél 1 mill vart dekka Riksantikvaren. I 2022 vart stakittgjerdet og deler av kyrkja måla.
Bakka kyrkje (1859, listeført) vart i 2019 måla inne i våpenhuset, i 2014 vart ho delvis måla utvendig og skifta noko kledning, noko av kledningen og stakittgjerdet vart måla i 2021, og i 2023 vart heile kyrkja måla utvendig. Det står att litt arbeid på vannbord/vindskier på eine sida av sakristiet. Taket i skipet (inne) bør målast då det flassar ein del. Kommunen har sett av midlar til dette i 2025 i økonomiplanen.
Vangen kyrkjegard vart heva inntil 30 cm. på A- og B-feltet hausten 2024. slik at me ikkje risikerar is til midt på gravminna meir.
Aktivitetar:
I 2024 var det 46 gudstenester totalt i kommunen, mot 44 i 2023, med til saman 1.689 deltakarar (1.693 i 2023).
Det var 9 (18) barnedåpar (4 av dei busette i andre kommunar), 9 (10) konfirmantar, 4 (6) vigslar og 13 (12) gravferder i Aurland i 2023. (Tala for 2023 i parantes.) Sjå elles vedlagde statistikk.
Anders Aasen har saman med presten og/eller organisten har hatt jamnlege andakter og musikksamlingar på Aurland Helsetun.
Opplev Undredal AS har hatt drifting av guidetilbodet i Undredal kyrkje i 2024.
67,7% (1.235) av innbyggjarane i Aurland er medlemmar i Dnk. Dette er ein nedgang i forhold til tidlegare. Noko av forklaring kan vere at Aurland er ein internasjonal kommune der mange personar har flytta hit frå andre land dei siste åra, og dei er naturleg nok ikkje medlemmar i Dnk. Men me skal óg vere obs på at det er nokre utmeldingar kvart år. I 2024 har det vore 4 utmelde og 1 innmeld.
Nye steg – trusopplæringa
Frå 01.01.2018 var samarbeidet om trusopplæring med Lærdal avslutta.
Aktivitetane i 2024 var omtrent som i 2023. Det er framleis enkelte aktivitetar me ikkje har pga. at trusopplærar ikkje har hatt kapasitet til å jobbe so mykje i stillinga. Både sommarleiren på Nesholmen, Lys Vaken og frivilligfest har vore gjennomført i 2024. Tårnagent har me hatt 2 gonger for å ta att for at det vart avlyst i 2023. Me har óg bl.a. hatt julevandring for 1. og 2. klasse, påske- og adventssamlingar for skular og barnehagar, og 4- og 6-årssamling. Når det gjeld sommarleiren på Nesholmen, so var det berre 3 deltakarar frå Aurland, men i og med at me reiser på sommarleir i regi av KFUK/KFUM som dekkar heile Sogn og Fjordane, so er det likevel ein kjekk leir. Det må likevel
vurderast om ein skal setje eit minimumstal på deltakarar for å vere med, då det kostar ein del med transport og tilsette som er med frå Aurland.
På skulestartsgudsteneste 25. august var det 10 spente 1.klassingar som deltok. 1.klassingane gjekk, saman med presten og konfirmantane som skulle presenterast, på raud løpar inn i gudstenesta og dei fekk utdelt 6-årsboka.
Me har ikkje gjennomført Vandring Gjennom Bibelen i 2024 (eit tilbod til 5. klasse på skulen i skuletida), då det berre er godkjende personar med gjennomført kurs som kan undervise i dette, og me har ikkje leigd inn nokon dette året.
Kor Blå (barnekoret vårt) var ikkje i aktivitet i 2024, men trusopplæraren har hatt baby- og småbarnssang både på våren og hausten. Dette tilbodet er godt motteke, og kan gi godt grunnlag å bygge videre på.
Det er sendt ut dåpshelsingar tilpassa til alder til alle døypte til 1-, 2-, 3- og 5-års dåpsdag. Inger Marie har ansvar for dette tiltaket. I tillegg er det delt ut 4-årsbok og 6-årsbok i gudstenester.
Nora Baartvedt har hatt ansvar for konfirmantane i 2024. Konfirmasjonsgudstenestene vart gjennomført i mai slik det brukar å vere. Me har ikkje vore på Vinterfestival på Voss då den er flytta til Bergen. I stadenfor hadde me ein felles konfirmantlaurdag med Lærdals- og Årdalskonfirmantane i Årdal på våren. Dette var veldig kjekt. Elles har dei hatt vanlege konfirmantsamlingar delvis i Smevang og delvis i kyrkja. Me har som mål at alle våre konfirmantar skal ha vore med som medhjelparar i alle våre kyrkjer i løpet av si konfirmanttid. Dette har fungert bra, og me trur at det er positivt for dei å kjenne til alle dei 4 flotte kyrkjene våre. Resultatet er óg at mange foreldre og syskjen får sjå alle kyrkjene våre.
Frivilligfesten, der alle frivillige som har bidrege inn i kyrkja sitt arbeid var invitert, vart gjennomført i kantina på Rådhuset 28. november, og 29 deltok. Me hadde koldtbord frå Furukroa, litt underhaldning med trekkspelmusikk ved Reidar Kjustad og so med ei kort avslutning i Vangen kyrkje.
Kyrkja har vore aktiv med å legge ut bilete og informasjon frå arrangement på Facebook-sida vår. Slik får me raskt ut informasjon om våre aktivitetar. Oppfordrar alle som er på FB til å like sida vår «Kyrkja i Aurland». I tillegg er vår eiga nettside på kyrkja.no/aurland i aktiv bruk. Det er Inger Marie som i hovudsak har jobba med denne, og der vil det ligge både generell informasjon og informasjon om enkeltaktivitetar.
2024 er året me kan sjå tilbake på som eit år der aktivitetane er jevne. Me må framleis jobbe godt framover for å auke oppslutnaden om gudstenester og nokre av trusopplæringsaktivitetane våre, men med stabil prestetenste og tilsette, kyrkjestyre og sokneutvala som jobbar godt saman, so skal me få god aktivitet i kyrkjene våre.
Vedlegg:
1. Detaljert rekneskap for 2024
2. Årsstatistikk for Den Norske Kyrkja 2024
Aurland 11. februar 2025
_________________________________ ______________________
Sigrid Sønnerheim Tønnessen Monica Finden
Leiar kyrkjeverje
Sogn prosti - NØKKELTAL 2024 (tala i kolonne 2 viser til skjema for kyrkjeleg årsstatistikk eller til eigne lokale tal for dåpshandlingar). | ||||||||||||||
Dåps- | Deltakarar | Delt.andre | Deltakarar | Søndags- | Andre | Delt. | Julekv. | Gudst. | Gj.snitt. | Gj.snitt. | Konfirmantar | Gravferd | Delt. | |
handlingar | sønd.gudst. | gudst. | gudst. tot. | gudst. | gudst. | julekveld | gudst. | totalt | alle gudst. | sønd.gudst. | gravf. | |||
Eigne tal | 3.A.1b | 3.A.2b | 3.A.1a | 3.A.2a | 3.C.8b | 3.C.8a | 2.1 | 2.4 | ||||||
Vangen sokn | 4 | 857 | 308 | 1165 | 23 | 2 | 155 | 1 | 25 | 47 | 37 | 9 | 10 | 908 |
Flåm sokn | 2 | 215 | 0 | 215 | 9 | 0 | 0 | 0 | 9 | 24 | 24 | 0 | 3 | 218 |
Undredal sokn | 3 | 177 | 0 | 177 | 6 | 0 | 30 | 1 | 6 | 30 | 30 | 0 | 0 | 0 |
Nærøy sokn | 0 | 132 | 0 | 132 | 6 | 0 | 51 | 1 | 6 | 22 | 22 | 0 | 0 | 0 |
0 | 0 | 0 | 0 | 0 | ||||||||||
SUM | 9 | 1381 | 308 | 1689 | 44 | 2 | 236 | 3 | 46 | 36,72 | 31,39 | 9 | 13 | 1126 |
2024 | 9 | 1381 | 308 | 1689 | 44 | 2 | 236 | 3 | 46 | 37 | 31 | 9 | 13 | 1126 |
2023 | 18 | 1328 | 365 | 1693 | 41 | 3 | 216 | 3 | 44 | 38 | 32 | 10 | 12 | 1036 |
Differanse | -9 | 53 | -57 | -4 | 3 | -1 | 20 | 0 | 2 | -1 | -1 | -1 | 1 | 90 |
(Kyrkjelydane treng ikkje setja inn 2023-tal dersom dei ikkje har dei, det er for eigen oversikt. Prosten gjer det for prostiet.) | ||||||||||||||
Evt. kommentarar |