Gravplassane våre er viktige stader for sorg, minne og ettertanke. Alver kyrkjelege fellesråd har ansvar for den administrative og praktiske forvaltinga av dei 21 gravplassane i kommunen. Gravplassmyndigheita skal tene alle innbyggjarane, uavhengig av tru og livssyn.
Les meir: Oversikt over gravplassane i Alver
Nye gravplassvedtekter i Alver
Frå 20. februar 2026 gjeld nye gravplassvedtekter for Alver kommune. Dei vart fastsette av Alver kyrkjelege fellesråd 7. oktober 2025 og godkjende av Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark 17. februar 2026. Vedtektene regulerer mellom anna feste, stell og bruk av graver.
Les meir: Gjeldande gravplassvedtekter
Pynt og stell av grava
Framfor gravminnet kan ein lage eit plantefelt i nivå med bakken. Feltet skal ikkje vere breiare enn gravminnet, men kan alltid vere opptil 60 centimeter breitt. Djupna kan ikkje overstige 60 centimeter, målt frå bakkanten av gravminnet. Plantane må halde seg innanfor feltet og ikkje vekse høgare enn gravminnet.
Lykter må sikrast mot vind og velting. Pynt og utstyr skal haldast innanfor plantefeltet, ikkje bak gravminnet. Levande lys kan nyttast dersom brannvernreglane vert følgde. Fjern laus pynt etter bruk, og lever batteridrivne produkt som EE-avfall. Plantemateriale og kransar som endar som avfall, skal vere komposterbare. Den gravansvarlege eller festaren har ansvar for stell og sikring av gravminnet.
Les meir: Reglar for plantefelt og pynt på graver
Ta omsyn til vêr og føre gjennom vinteren
Sterk vind, frost og snø kan skape utfordringar. Sjå til at gravpynten er godt sikra, og fjern visne blomar og laus pynt. Ver varsam ved ferdsel på gravplassane når gangvegane er glatte.
