- Vi må registrere alle deltakarar på gudstenester og andre kyrkjelege arrangement med namn og telefonnummer. Kyrkja som arrangør er ansvarleg for varsling dersom det oppstår smitte.
 - Alle får ein fast, tilvist sitjeplass når dei kjem i kyrkja. Kyrkjevertane vil vise deg til plassen der du skal sitja under heile gudstenesta.
 - Det skal vera eitt ledig sete mellom husstandar, kohortar og tilsvarande nære i kyrkjebenkane. Vi kan per i dag bruke kvar benkerad.
 - I praksis har vi då plass til kring 100-120 personar på alle arrangement i kyrkja.
 
I tillegg har Alver kyrkjelege fellesråd følgjande oppmoding:
- Alle vert oppmoda om å halde minst éin meters avstand mellom kvar husstand.
 - Alle over 12 år bør bruke munnbind der det ikkje er mogleg å halde éin meters avstand
 - Sprit hendene dine på veg inn og ut av kyrkja.
 - Kyrkjetenar og kyrkjevert bruker munnbind.
 - Prest og medliturg bruker munnbind under utdeling av nattverd.
 
Vi kjem attende med oppdatert informasjon dersom det skjer endringar i lokale, regionale eller nasjonale føringar.
                    