Jubileumskonsert: Radøy damekor 25 år

Søndag 15.juni kl. 17:00 innbyr Radøy damekor til ein spanande jubileumskonsert i Manger kyrkje for å feira 25 år med korsong!

Publisert:

Jubileumskonsert: Radøy damekor 25 år

Koret har satt saman eit spanade program for konserten. Det blir gjenhøyr med songar frå dei siste 25 åra, besøk av eit damekor frå Litauen og andre musikalske gjestar!

Damekoret vil framføre to songavdelingar: den første er ein miks av a-capella og songar med pianoakkompagnement; den andre saman med gjestane våre Martin Frantzen (slagverk) og Morten Kleveland (bassgitar). Irmantus Norkus har lova å spela flügelhorn saman med oss også!

Vår tidlegare dirigent Jurate Norkuviene har med seg damekoret sitt - Rapsodija - frå Litauen. Dei skal ha ein eigen songavdeling, dirigert av Jurate og med William Kay på flygel.

Avslutningsvis slår dei to kora seg saman og framførar eit par songar i lag.

Dette blir ein flott konsert som vi håpar mange vil få med seg! 

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"