Tysdag 17. februar opnar me dørene til Sæbø kyrkje for alle som er med i kyrkjene våre og gjer ein innsats med stort og smått. Me vil gjerne at fleire skal få oppleve dette fellesskapet, og inviterer med deg som lurar på om du vil engasjere deg i noko, eller berre vil høyre litt om det mangfaldige arbeidet vårt.
Me får med oss Irmelin Brun, leiar i frivilligteamet i Bergen kyrkjelege Fellesråd, som vil inspirere oss, og legge tilrette for samtale rundt det frivillige arbeidet i Radøy kyrkjelyd.
Denne tysdagen er det som vert kalla Feitetysdag, i kyrkjeåret. Det er tysdagen før fastetida.
Me serverer rømmegraut, og kaffi med noko attåt.
For å planlegge mat, vil me gjerne ha påmelding. Meld frå om eventuelle matallergiar.
Send epost til post.radoy@kyrkja.no eller til Grethe Lunde, 90613452.
Velkomen!
