Bli med på Fasteaksjonen!

Vil du vere med og gå vårens viktigaste tur? Ver med som bøssebærar 24. mars!

Publisert:

Bli med på Fasteaksjonen!

Tysdag 24. mars går konfirmantar og andre på Radøy fra dør til dør med innsamlingsbøsse. Pengane som blir samla inn, går til Kirkens Nødhjelps arbeid i store deler av verda.
Det nytter å gi! For berre 300,- kr. kan ein sikre et menneske reint vatn resten av livet!

Her ei eit eksempel på korleis pengane vi samlar inn kan bli brukt:

Tsion (12) og Gaba (13) smiler breitt medan klart vatn fossar ut av krana ved vassposten ved elveleiet. Det går raskt å fylle kanna, og ikkje minst: Vatnet er reint.

Nyleg endra alt seg for familiane her i landsbyen Kutishafa i South Omo sør i Etiopia. Kirkens Nødhjelp har bidrege til reint vatn her. Norske kyrkjelydars innsats i Kirkens Nødhjelps fasteaksjon kvart år bidreg til dette arbeidet.

Tidlegare måtte jentene grave med berre hendene for å finne vatn under sanden i elvebotnen. Det tok lang tid, og dei fekk lite vatn. Sidan vatnet var ureint, vart mange ofte sjuke. Jentene rakk ofte ikkje skulen etter å ha henta vatn om morgonen, og mista verdifull undervisning.

Kirkens Nødhjelp har skaffa vatn her saman med den lokale partnaren Action for Development (AFD). Systemet er enkelt, men effektivt: Ei demning og ein brønn med ein vasspost.
– Som regel kjem det regn i to månader, så ikkje meir. Elles i året er det tørt på overflata i elveleiet. Vi laga ei demning slik at når regnet kjem, stanser vatnet her, fortel Gedewon Teka, vassekspert ved Kirkens Nødhjelps landkontor i Etiopia.

Ved demninga spreier vatnet seg i alle retningar under jordoverflata. Vatnet blir filtrert inn i ein brønn like ved, gjennom sand og jord. Ei handpumpe er montert på vassposten.
– Sand og jord er eit perfekt filter. Mikrobar blir fjerna når vatnet blir filtrert gjennom sanden, og vatnet blir klart. Dette er reint vatn. Og vatnet er tilgjengeleg heile året her no, seier Gedewon.


Kirkens Nødhjelps fasteaksjon er:

  • Noregs nest største bøsseaksjon etter TV-aksjonen. Pengane som blir samla inn, går til Kirkens Nødhjelps arbeid over heile verda.
  • Over 40 000 frivillige bøsseberarar frå om lag 1200 norske kyrkjelydar i heile landet.
  • Aksjonsdag på Radøy er 24. mars.
  • Temaet er: Håp i ein drope vatn.
  • I 2025 blei det samla inn om lag 36 millionar kroner.

 

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"