Av Eva Kristin Dale Wessman. (Versjonen her er lengre enn i bladet)
Familien på fire er faste kyrkjegjengarar i Meland, noko som er eit aktivt val av livsstil. Det har ikkje alltid vore sjølvsagt.
Korleis vil du skildre vegen fram til livsvalet og trua?
Som barn var eg helst å finne på fotballbanen, og eg fann mykje av identiteten min der. Eg ville vere ein dei andre frykta, med rå taklingar og harde skudd, og var ikkje redd for å meine noko – og brukte gjerne utestemme! Men konfirmantleiren vart eit vendepunkt i livet mitt. Jesus banka på hos meg, hardt.
Minna frå den livsforvandlande leirkvelden strøymer på, og Regine fortel med begeistring:
-Siste dag på leir skulle vi gå på vandring gjennom ulike «bønestasjonar» på leirplassen. Slik eg minnest det, var eit av dei siste stoppa eit tomt rom der ein skulle lese ei bøn, høgt eller stille. Eg hadde tenkt å skunde meg igjennom heile vandringa, men enda med å lese bøna høgt fleire gonger. Hjartet mitt hamra der eg stod, aleine i rommet. Det var ingen musikk eller andre effektar, berre meg og Jesus og den lappen. Då gav eg Jesus eit ultimatum: - Eg vil ikkje forandre meg for å bli kristen, men fortsetje å få vere den eg er. Så gav eg livet mitt til Gud. Men endringar skjedde likevel, det, innanifrå. Jesus ville alle vel og ingen skulle være redde for han. Når den største plassen i hjartet var blitt Jesus sin, falt det naturleg å ville likne på han.
Kva hende i tida etter leiren?
-Eg opplevde å få bli del av eit fantastisk fellesskap eg ikkje ante omfanget av. Eg la merke til korleis dei kristne var saman «på tvers», og sto på for å lage lovsangskvelder, samlingar, leirer, weekendar, skidagar og anna for ungdommar og andre. Generelt tenker eg at tida vår er veldig verdifull, og noko vi verner veldig om, og det gjorde inntrykk på meg at travle foreldre ga av sin tid, og til dømes inviterte oss ungdommar heim til seg for konfirmantundervisning. Her var rom for å vere heilt meg sjølv. Det blei tent ein brann i meg, eg tok fyr rett og slett. Plutseleg fekk eg det travelt med å fortelje andre om Jesus, sjølv om eg var ung og livet var langt. Eg er jo ein leiartype med ei tydeleg stemme, og blei utfordra på å leie møter og formidle trua til ungdom. Eg fekk spele på styrkane og talenta mine. Etter kvart trur eg at eg vart den yngste kvinnelege soknerådsleiaren i Noreg, fortel Regine, som seinare har blitt kåra til ein av Noregs fremste teknologikvinner (2020) - Verva i kyrkja har bidratt til utviklinga mi, også for karriera, understrekar ho.
Tenker du at det å bidra i fellesskapet er viktig for trua?
For meg er det på mange måtar kjekkare å vere vert enn å vere gjest, og det er godt å få bety noko for andre menneske. Då eg kom tilbake til Meland som ung vaksen, var Anne Sofie Uthaug (dagleg leiar, red.anm.) både veldig inviterande inn i fellesskapet og utfordra meg tidleg på å finna ei oppgåve til meg, noko som gjorde at eg ville bli verande. Det var avgjerande at eg fekk ein invitasjon og at nokon sa at eg, med mine gåver, kan bety noko. Eg deltok på nådegåvekurs der eg fekk lære å ikkje seie ja av plikt, men av glede, og finne ut kva som gjev meg energi og kor Gud kan bruke mine eigenskapar. Det som kan vere lett for andre, kan vere vanskeleg for meg, og omvendt. Det er viktig å finne ei oppgåve ein trivst med og er meint til å gjere. Det er også trusstyrkande å få lære ilag med andre, og bli gitt tillit til å bidra på ulikt vis. Men det er ein balansegang, og det har vært sesongar og periodar i livet då eg har trengt å berre ta imot. Det er viktig å utruste seg sjølv med nødvendig kvile i periodar også. Ein kan til dømes ha teneste tilpassa sesongen ein er i. Då eg var ung formidla eg til dei unge. Som ung vaksen og utan barn hadde eg endå betre tid til å bidra i soknerådet. No er vi småbarnsforeldre og kjenner det er naturleg å vere med i søndagsskulearbeidet.
Kva betyr Jesus for deg no?
Alt. Han har gjeve meg så mykje. Difor vil eg leve eit liv som speglar noko av det Jesus viser oss. Fleire får med seg bodskapen om ein lever truslivet synleg, og gjerne i teneste. Som ung tenkte eg at eg kunne be Gud tilgje meg når eg vart gammal, og berre leve slik eg sjølv ville. Før eg fekk ordentleg oppleve det gode med rammene som er laga for oss, kan ein kjenne det som reglar og krav. Men slik eg tenker no, så er det ikkje noko anna ein ønsker for barna enn å skape gode rammer, slik at dei kan få leve trygge og gode liv. Sånn er det for Jesus også trur eg.
Ho legg til:
Håpar mi historie kan være til inspirasjon og vekke nysgjerrigheit. Eg slår gjerne av ein prat!
