Biskopbesøk og visitasmelding

Biskop Ragnhild Jepsen kjem på visitas til Lindås og Knarvik sokn 22.-26. oktober. Alle er velkomne til «Kvilepuls» i Lindås kyrkje 22. okt. og på familiegudsteneste 26. okt.

Publisert:

Biskopbesøk og visitasmelding

Biskopen har eit omfattande program når ho kjem på visitas i oktober.

Desse arrangementa er opne for alle:

Onsdag 22. okt. kl. 18: Kvilepuls i Lindås kyrkje.
Samtale med biskopen, allsong, musikk og kyrkjekaffi.

Søndag 26. okt. kl. 11: Visitasgudsteneste.
Dette blir ei familiegudsteneste m/ nattverd. Barnekoret NONSTOP, SingSingeling/SingOut, Alversund kammerkor og Shelly er med, saman med prestar, prost og biskop.
Etter gudsteneste har biskopen sitt visitasforedrag. Då er det aktivitetar for barna på Kyrkjetorget, Tårnrommet og Ungdomsrommet.
Visitasen vert avslutta med stor kyrkjekaffi på Petersplassen.

I løpet av visitasdagane vil biskopen møte leiinga i kommunen, vere med på felles soknerådsmøte for Lindås og Knarvik sokn og møte elevar på Knarvik ungdomsskule. Ho får også besøke Lyngheisenteret og den lokale avdelinga av NMS Gjenbruk. På fredag kveld vil biskopen møte ungdommane som er med på followme.

Før visitasen er det sendt visitasmelding til biskopen. Dette er ein statusrapport om arbeidet i sokna. Meldinga finn du nedst på sida.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"