Laurdag 28. desember kl 16:00 startar vi med registrering i kyrkja. Denne dagen skal vi bli kjende med kvarandre, ha kreative aktivitetar, utforske kyrkja, lage gudsteneste, sjå film og kose oss med god mat, og til slutt sove i kyrkja.
Det er valfritt om barna vil sove i kyrkja eller heime natt til søndag. Hvis barnet har vanskar med å falle til ro ved overnatting i kyrkja tek vi kontakt etter ei stund slik at føresette kan hente barnet til ei god natt med søvn heime.
Søndag 29. november et vi frukost saman, før vi førebur oss til gudstenesta kl 11.00, som vi tek del i. Foreldre, søsken, familie og fadrar er som alltid hjarteleg velkomne til å kome på gudstenesta. Vi avslutter Adventsnatt i kyrkja med kaker på kyrkjekaffien (ferdig til kl 13.00).
For at Adventsnatt skal bli ei trygg og god oppleving for alle, treng vi hjelp frå nokre foreldre. Det gjeld litt kjøkkenhjelp, men spesielt vakne nattevaktar i kyrkja (utan vakne nattevaktar har vi ikkje lov til å overnatte i kyrkja). Foreldre kan melde seg til desse oppgåvene i påmeldingsskjemaet.
Påmeldingsfrist 25. november.
Deltakaravgift er kr 150,- Dette hjelper oss å dekke noko av utgiftene til måltid, samt utgifter til materiell. Bruk Vipps 801600 velg Adventsnatt i kyrkja.
Oversikt over kva du treng å ta med deg, får du på e-post via foreldra dine når det nærmar seg.
