Langfredagspreken 2021

Det er lenge sidan den mørke kvelden i Getsemane, der Jesus låg på kne, med ein dødsangst så sterk at perler av sveitte rann som blod ned på den nattefrosne jorda. Eg har bestandig lurt på kva han hadde i tankane der i stilla, åleine; i kamp mot all vondskap til alle tider. Eitt einaste spinkelt menneske i kamp mot det store mørket. Ein gråtande spegel, og samstundes ei gåte. Det vart natt, og mørket la seg over vondt svik.

Ill.bilde kors på fjell

Men enno kunne ljoset kome som eld i synsranda; då morgongryet sakte jaga mørket bort og det vart dag. Dagen der mørket venta, der alt vondt og sårt verka etter å få makt. Eitt spinkelt menneske som bar tyngda til eit heilt folk. Ein spegel utan fleire tårer, ei gåte ingen heilt forstod. Tunge steg, ord som spotta, smerter og svik. Ein kross, eit rop, ei stille. Og det vart mørkt i verda.

Langfredag, denne forferdelege dagen der venene til Jesus måtte sjå kva vondskap kan gjere. All deira von, alt det dei hadde trudd så fast på døydde med han, som hang på den tunge krossen. Venene til Jesus var redde, fortvila og alt var mørkt.

Langfredag – denne dagen i året då det er mørket som har makta, og det ser ut som om det skal vere slik til alle tider. For andre dagar kan og vera mørke. Mørket finns i verda, og når det senkar seg over oss vert livet nakent. Desse stundene eller dagane der alt vert ei vond og øyredøyvande stille. Alle har vi opplevd slike dagar, livet er berre slik. Hjå alle menneske, til alle tider.

Dagar der vi mistar nokon vi er glade i, eit kjært menneske som døyr i frå oss. Dagar der vi får den tunge beskjeden om at vi ikkje lengre har eit arbeid å gå til. Dagar der covid-19 vert eit så stort og tungt begrep at vi ikkje lengre orkar å møte kvardagen, slitne og leie orkar vi ikkje å møte alle desse krava og utfordringane. Dagar med så sterk angst og depresjon at vi berre orkar å sjå mørke. Dagar der all kjærleik og tru tek slutt, dagar der vi mistar absolutt alt.

I akkurat denne stunda opplever ulike menneske rundt om i verda slike dagar. Kvinner og menn, ungdommar og born. Gamle og unge; fattige og rike. Alle er vi der, i dette mørket; på ulike stader i livet. Alle møter vi det, ein eller annan gong. Og kva skjer då med oss?

Når alt ikkje berre er litt mørkt, men totalt svart. Utan farge, utan von. Når alt forsvinn og vi ikkje kan sjå kvarandre; når vi snublar og dett. Når vi øydelegg alt rundt oss, og får vondt. Vi greier ikkje å sjå kvar vi er, og vi veit ikkje kvar vi skal. Alt rundt oss forsvinn, og vi er i eit botnlaust og kaldt mørke vi ikkje finn vegen ut av.

Mørket kan og gøyma det ein ikkje vil sjå, eller det ein ikkje ynskjer å syna fram for andre. Når mørket får lov til å gøyma, kan vi skade verda og kvarandre. Born kan verte misbrukt utan at nokon ser – eller vågar å fortelje om det dei kan hende kan ane. Når mørket får makt sluttar vi å bry oss om at ulike grupper i samfunnet vert utstøytt frå det vi ser på som det normale, vi sluttar å kjempe for andres verdi fordi mørket gøymer alt ljos slik at alle fargar forsvinn. Mangfald vert eit ord utan betydning, fargerikt fellesskap finns ikkje lengre. I mørket vert eg redd for alt framandt og kan forsvare meg – og ikkje ta innover meg ting som gjer vondt for andre.

Og når det vert heilt mørkt, heilt svart ikring meg; er det ingen som legg merke til om eg berre blir borte. Det er kan hende best slik, for er eg død kan eg aldri meir snuble, skade eller såre meg sjølv eller dei eg er glad i. Mørket kan halda meg i ei evig natt der alt berre kan flyta.

Det er sterkt dette mørket; og det er lett å mista all von om at sola atter vil skine frå ein skyfri himmel. Slik var det og då venene til Jesus mista alt, og verda vart mørk.

Men nett i denne stunda – då det aller djupaste og sterkaste mørket hadde makta – det var då forhenget i tempelet i Jerusalem revna i to! Nett i denne stunda – på det aller mørkaste og kaldaste – det var då Gud kom ut av sin heilagdom og inn til oss menneske. Og Gud gav oss ljos slik at vi til alle tider kan finna vegen ut av eit kvart mørke sjølv om vi ikkje alltid ser vegen åleine. For sjølv om mørket gøymer alt for oss, vil det alltid vera små ljos der ute som kan hjelpe oss å finne leia. Ljoset frå andre menneske. Ljoset som er gitt, gitt oss frå Gud.

For Jesus Kristus døydde på krossen, han vart lagt i ei grav og han var i det djupaste mørke for å syna oss at mørket ikkje har all makt – sjølv om det i blant kan sjå slik ut. Jesus gjekk inn i dette mørket og kjempa denne kampen for å syna oss at vi ikkje skal gi mørket lov til å ta makt over våre liv. For å visa oss at det til alle tider vil finnast eit morgongry ein stad der ute, bortanfor vår eigen horisont sjølv om vi ikkje alltid ser det. Og dette ljoset lyser for oss, både i livet og i døden; slik at vi kan ferdast trygt. Mørket har ikkje kreftene som skal til for å halda oss fast til evig tid. Denne krafta eig berre Gud.

700 år før Kristus kan vi finna orda frå Jesaja sin profeti om kva påska handlar om: «Sanneleg, våre sjukdomar tok han, vår smerte bar han. Vi tenkte: Han er ramma, slegen av Gud og plaga. Men han vart såra for våre brot, knust for våre synder. Straffa låg på han, vi fekk fred, ved hans sår vart vi lækte.».

Langfredag – denne dagen der venene til Jesus mista alt, der mørket tok makt over mennesket og verda låg stille. Som menneske ser vi som i ein spegel, i ei gåte. Venene til Jesus såg at spegelen gret, at alt var ei gåte dei ikkje kunne forstå. Som menneske i 2021 veit vi at livet vann – og vi ser fram mot 1. påskedag der vi atter ein gong ser ljoset frå den tomme grava.

 

Ære vere Faderen og Sonen og Den Heilage Ande, som var, er og vera skal ein sann Gud frå æve til æve. Amen.

 

Ellen Oddveig Rudi

Sokneprest Leirskogen og Reinli

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"