Alle som har lyst til å gå inn i ein stupul, eller eit klokketårn for å sjå, må nytte høvet til det. Mange blir svært fascinerte når dei kjem nær ei klokke. Det er noko med den mektige malmen, dei vakre dekorasjonane, inskripsjonane og at dei fleste klokkene i dalen vår har kima og ringt i nokre hundre år. Dei har kalla på forfedrane våre slik som dei no kallar på oss.
Her i Sør-Aurdal er det Begnadalen som har opne tårn mellom kl. 15 og 18.
I dei andre kommunene er det ope i Slidredomen, Vang, Volbu, Aurdal og Bruflat.
Sundag 27. mai er det gudsteneste i Aurdal Kirke ved Prost Weisser, med kyrkjeklokker i fokus.
Velkomne !