Miroslav Potfaj er ein fiolinist frå Slovakia, busett på Sand. Han har musikkutdanning frå Bratislava konservatorium og Roosevelt University i Chicago, der han og spela i Illoniossymfoniorkester. I 2002 fortsatte han sin utdanning i Kiev, Ukraina, ved NationalTsjaikovskij Music Academy under professor Anatolij Bazhenov. Han har også ein PhD frå Academy of Arts in Banskà Bytrica, i Slovakia, under professor Jela Špitková. Miroslav er vinner av internasjonale konkurransen i kammermusikk Art of 21st century. Han er også ein aktiv lærar på sitt instrument i Bømlo og Ølen kulturskole, I tillegg til å vere utøvande fiolinist i både Norge og Slovakia. Sammarbeide med mange kammer ansambler. Han er også grunnleggeren av Fjordkvartetten og hovedarrangør og utøver av den årlige klassiske musikkonserten La Skala.
Jan Gunnar Sørbø er ein klassisk pianist, opprinneleg frå Rennesøy i Ryfylke. Han studerte i Noreg, Danmark og Tyskland. Som 15-åring spelte han på nasjonalt TV og vann ungdommens pianomeisterskap som 17-åring. Deretter følgde ei rekke stipend og prisar og konsertar i inn- og utland. Jan Gunnar har breie musikalske interesser og spelar alt frå JS Bach til ny musikk. I 2020 var han distriksmusikar i Suldal og har sidan vore jevnlig engasjert i regionen. I dei seinare åra har han fremført heile JS Bachs Das Wohltemperierte Klavier 1, vore solist med Slovakiskt Statssinfonietta i klaverkonsertar av Beethoven og Grieg, turnert med sopranen Eir Inderhaug og arbeidd med kammermusikk.