Du som fyller 9 år i 2026, er spesielt invitert til gudsteneste i for små og store i Ytre Arna kyrkje sundag 8. februar kl. 11.00. Då skal du få Studiebibel for tweens (Det nye testamentet frå "Hverdagsbibelen")
Og du som vart døypt i Ytre Arna kyrkje i fjor, får med deg dåpshjartet heim. Det har no hange på dåpstreet vårt heilt frå du vart døypt og til no.
Non Stop Singing vert med på gudstenesta og syng for oss. Eg tykkjer dei er svært flinke, så du har noko å gle deg til!
Etter gudstenesta vert det kaffi/saft med noko attåt.
