I år er det 100 år sidan Nynorsk salmebok kom ut. Sjølv om boka ikkje er så mykje i bruk lenger, har ho vore særs viktig for å ta vare på den nynorske salmeskatten og fremja nynorsk salmesong. Dei to nynorsk-kyrkjelydane i Bergen, Arna og Ytre Arna, gjekk saman om ei felles gudsteneste i Arna kyrkje for å markera jubileet. Noregs mållag sentralt og lokalt var med - i gudstenesta deltok dei med tekstlesing, og biskop Ragnhild Jepsen preika og lyste velsigninga. Koret Stemmer deltok. Kyrkjetenaren vår, Monica Ohr, hadde pynta kyrkja til fest. Gudstenesta vart overført på NRK.
Her er nokre bilete frå den store dagen.
Alle bileta er tekne av Monica Ohr.




