Gudstenester i jula

Velkomen til gudstenester i Ytre Arna kyrkje både julaftan og juledag!

Publisert:

Gudstenester i jula

Julaftan har me to gudstenester å velja mellom. Begge er julegudstenester for små og store.

Kl. 15.00 kjem Arne Musikforening og er med oss. Så denne gudstenesta vert prega av korpsmusikk. 

Kl. 16.15 har me med oss Non Stop Singing. Det er jo òg fast tradisjon, og me gleder oss til å høyra dei igjen.

Frode Skag Storheim er vikarorganist på begge gudstenestene. Han er ein framståande musikar, og i tillegg ein etterspurd føredragshaldar. Han har òg skrive ei vakker bok om malaren Hans Dahl.

Juledag (den første, om nokon skulle vera i tvil) kl. 12.00 (merk tida) er det høgtidsgudsteneste. Preiketeksten er, som vanleg for denne dagen, henta frå Johannes 1,1-14. Mariam Myrås er solist og Hilde Rohde blir med på cello. Me skal òg feira nattverd.

Jula er ei tid for familien, og for å gjera mange ting som me har gjort i alle år, helst på same måten som me alltid har gjort. Men la han som jula skal feira, få plass i di feiring, ja, sjølvsagt helst vera midtpunktet i feiringa, men her er jo konkurransen sterk. Velkomen til kyrkje! 

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"