Storslagen feiring av St. Sunniva langs Vestlandskysten og i Bergen

Den 7. september er det 850 år sidan levningane av den irsk-fødde helgenen St. Sunniva blei overført frå Selja til Bergen. Dette blir markert med ein Sunnivafestival 4. - 8. september med alt frå sporløp til flotte konsertar og interessante føredrag og seminar.

Legenda om Sunniva har sett tydelege spor etter seg, og Sunnivafestivalen er difor ein del av Bergen by sitt 950 års-jubileum.

På programmet 4. september står boklansering, flott konsert «Arven frå Vest» der bl.a. Helene Bøksle, Tove Kragset, Ragnhild Gudbrandsen og Sankta Sunniva kammerkor er med.

Sporløype

Laurdag 5. september blir det sporløype frå Kristkyrkjetomta på Bergenhus med tema «Finn Sunniva», der ein gjennom Bergens gater og smau kan leita etter Sunniva i bl.a. spennande hus og museum.

Historisk båtkortesje

Gamle skuter skal gjennom «Sunniva-seglasen» føra Sunnivaskrinet frå Selja til Bergen, og du kan vera med på å ta imot ein liten båtkortesje på Torgutstikkeren kl. 14.00

Opning av Bergen regionale pilegrimssenter

Laurdag kl.15 blir det opning av Bergen regionale pilegrimssenter på Kristkyrkjetomta ved ordførar Marte Mjøs Persen.

Konsert og samtale om Laudato si

Laurdag kveld er det konsert i Domkirken med musikk frå St. Sunniva si tid og fram til vår tid. Bergen domkor og koret Schola Sanctae Sunnivae frå Trondheim står for musikken. I forkant av konserten blir det samtale mellom biskopane Halvor Nordhaug og Herborg Finnset, og Ingrid Rosendorf Joys, leiar for Samarbeidsrådet for trus- og livssynssamfunn (STL) med utgangspunkt i paven sitt skrift «Laudato si» - Om trua, håpet og omsorgen for vår felles heim jorda.

Gudstenester og seminar

Søndag 6. september blir det økumenisk jubileumsgudsteneste i Bergen domkyrkje og måndag blir Sta. Sunniva feira med ei messe i St. Paul kyrkje.

Måndag 7. september blir det også jubileumsseminar i Bryggens museum med biletspel, populærvitskaplege føredrag og virtuelt besøk i Kristkyrkja.

Festivalen avsluttar med seminaret Sunnivasamtalen, om kvinner i oppbrot og teneste. Høyr om kvinner i geistleg embete, misjonæren Marie Monsen, nonner med kall til omsorg og teneste og diakonisser.

 

Kystpilegrims-seglas med Sunnivaskrinet frå Selje til Bergen

Frå 28. august til 5. september vert det seglas med historiske farkostar langs Kystpilegrimsleia for å markera at det i år er 850 år sidan flyttinga av St. Sunniva sine levningar frå Selja til Bergen. Med på vegen er Sunnivaskrinet og ungdomspilegrimar frå ulike kyrkjesamfunn. Selja - Kalvåg - Kinn - Svanøy - Askvoll - Korssund - Hyllestad - Eivindvik - Kilstraumen - Lygra - Hamre – Bergen.

Undervegs på dei stadene båtane med skrinet går til hamn, vil FN-sambandet og Fjordane friluftsråd, i samarbeid med biologar og lokale kjentfolk ha aktivitetar. Tema vert FNs berekraftsmål (etter prinsippa i delmål 4.7), mellom anna ved strandrydding og utforsking av plastforureining. Det blir også arrangement i kyrkjene undervegs.

Med ferda følgjer det videofotograf som kan levera video og fotos til media undervegs.

Følg ferda på: www.sunnivaseglas.no

Festivalen vert arrangert i samarbeid med Universitetsmuséet og Mellomalderklynga ved UiB, Den Kgl. Norske ambassade i Irland, Bergen domkyrkje menighet, Bergen Domkor, Bergen kommune, Stad kommune, Stad regionale pilegrimssenter, Bymuseet i Bergen/ Museum Vest, Bergen regionale pilegrimssenter, kystkultur.no, Bergen kystkultursenter. Sunnivafestivalen er støtta av Vestland fylkeskommune, Bergen kommune, Trondheim kommune, H. Westfal-Larsen og hustru Anna Westfal-Larsens Allmennyttige fond, Bergen Riksmålsforenings Fond og Bergen kirkelige fellesråd

Kontaktpersonar

Prosjektleiar: Ragna Sofie Grung Moe, tlf. 952 77 371, e-post rm548@kyrkja.no
Kommunikasjonsmedarbeidar: Jens Z. Meyer, tlf. 411 04 507, e-post jm532@kyrkja.no

Sunnivaseglasen:

Leiar Kjell Magnus Økland, tlf. 47 95 04 67 39, e-post post@kystkultur.no
Pilegrimsleiar Anine Vieth Mildestvedt, tlf. 930 24 312, e-post am367@kyrkja.no

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"