Preken på påskedag

Prest Jermod Hausberg har skrevet preken på påskedag. Den kan du lese her.

Preken på påskedag

Kristus er oppstanden, ja, han er sanneleg oppstanden! Slik helsa dei første kristne kvarandre på påskedag, ei helsing som fortel om glede. Påskeglede fordi døden fekk ikkje det siste ordet. Døden kan ikkje skilja oss frå Guds kjærleik i Kristus Jesus, vår Herre!

Påskegleda tek så stille til, nokre sorgfulle kvinner går for å stella Jesu grav, men finn grava tom. «Dei visste ikkje kva dei skulle tru.»

Dei visste ikkje kva dei skulle tru, slik var det med læresveinane og, dei 12 som var blitt 11. Jesus hadde sagt det fleire gonger, i alle fall tre gonger, at han skulle lida og døy, men på den tredje dagen skulle han stå opp.

Jesu inntog i Jerusalem hadde gitt dei håp om at han var Messias, kongen som skulle gjera folk fritt og sjølvstendig, romarane skulle jagast heim til Roma. Etterpå vart dagane så underlege, ja, det var flott då han rydda tempelet, det gav håp om ein opprørskonge som viste seg mektig mot prestar og farisearar som såg ned på folk flest.

Men den siste kvelden var så merkeleg, fotvaskinga: den største skulle vera den minste, gjera ein slaves sitt arbeid? Her var ikkje så mykje som likna på ein konge. Og langfredag då Jesus let seg ta til fange, ikkje forsvarte han seg mot alle skuldingane dei fant på, og så døydde han til slutt på ein kross, heilt uskuldig. Dei visste ikkje kva dei skulle tru, eller rettare sagt, dei hadde mista trua, dei fornekta, svikta og gøymde seg. Det gjorde vondt, sorga over å ha mista ein god ven. Sorg over at han ikkje var så mektig som dei trudde han var. Dei hadde satsa alt og følgt han. Eg forstår dei var sorgfulle, forvirra, redde, for kva kom til å skje med dei no? 

Og så, på den første dag i veka kom nokre kvinner og sa at grav var tom, at Jesus hadde stått opp.  Dei visste ikkje kva dei skulle tru, men dei gjekk og fant grava tom. 

Sorg går ikkje fort over, det tek si tid, det må få ta si tid. Livet må gå vidare, men det er ikkje så lett å sjå framover. For læresveinane gjekk det femti dagar, på pinsedag  jubla dei ut si glade tru: Jesus lever, han har sendt oss sin heilage Ande, kjærleiksanden som skaper trua. I desse femti dagane tok dei fram alle gode og sterke minner. Alt som hadde skjedd fekk eit nytt lys over seg.

Han hadde sagt og fortald dei så mykje, og dei hadde ikkje forstått. Ikkje før no, no forstod dei alt. Den tomme grava var  stadfestinga av at Jesu døden var siger, ikkje nederlag. Jesus var Guds Son. Jesus var Herre!

Jesu oppstode er verkeleg, den er sann. Det er ikkje ei oppdikta historia. I 40 dagar viste han seg for sine vener. Hadde læresveinane dikta opp Jesu oppstode, så hadde dei ikkje fortalt om kvinnene på veg til grava, dei som var fylt med sorg, og det var eit sjokk for dei å finna grava tom. Var det ei oppdikta forteljing, ja, så hadde dei ikkje brukt kvinnene som dei første vitna om at Jesus levde. Gjetarar og kvinner var ikkje truverdige vitne. Men dei som var minst truverdige, dei var dei første som fekk oppleva Guds under. Og dei var dei første som visste kva dei trudde!

Læresveinane satt bak låste dører, livredde for sitt eige liv. Då stod han der, lys levande og sa, «Fred vere med dykk.» På nytt sa han: «Fred være med dykk.» Med tvil og  masse forvirring vaks trua fram, fordi Den Heilage Ande skapte trua på underfull vis.

Også vi har fått Den heilage Ande, han hjelper oss så  vi veit kva vi skal tru. Jesus lever, han har møtt oss, han elskar oss, han gjev oss Guds fred. «Vår Gud er ein Gud som frelsar, hos Gud Herren er det utveg frå døden.» (Sal 68,21) Den tomme grava forkynner at Jesus lever, han sprengde døden sine band. Han stod opp, og det skal vi også. Jesu tomme grav forkynner at også vi skal ein morgon stå opp til nytt liv, den evige kjærleiken som tek til her og no, den er det evige livet.

Krossteiknet på våre graver  er eit teikn for tru, håp og kjærleik. Når vi går for å stella våre graver, så veit vi at dei er kvilestader, fredsstader med håp. Vår kjære og vi også, skal kvila i fred under krossteiknet til morgonen for oppstode. Men no helsar vi kvarandre: Kristus er oppstanden, ja, han er sanneleg oppstanden!

Vi veit kva vi skal tru, Jesus har gjeve oss Guds kjærleik, den som  er sterkare enn døden. Difor lever vi livet med ei jublande påskeglede, vi er Guds nye og unge folk, elska av Gud, og på veg heim til kjærleikslandet. Vegen dit er opna, den kan ingen stenga for oss, ikkje eingong døden. Difor elskar vi kvarandre slik Jesus har elska oss.

Ei velsigna glad påske i dei mange kyrkjeheimane!  

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"