Vi har ledig stilling som ungdomsarbeidar

Vi i Arna kyrkje søkjer ein engasjert og varm ungdomsarbeidar, i første omgang i 20 % stilling. Avhengig av utviklinga av ungdomsarbeidet og finansiering kan det verte aktuelt å auke stillinga til 30%. Stillinga er finansiert gjennom soknerådsmidlar og givarteneste.

Publisert:

Frå ei ungdomsgudsteneste i kyrkjelyden. Foto: Odd Mehus
Frå ei ungdomsgudsteneste i kyrkjelyden. Foto: Odd Mehus

Om ungdomsarbeidet
Ungdomsarbeidet vårt består av Ung Tru, eit nytt tilbod laga av og for ungdom. Her møtest vi to gonger i månaden til kiosk, sosialt og møte i kyrkja. Vi har også KRIK-treningar kvar søndag og nokre filmkveldar. Vi har rundt 25 ungdommar i kyrkjelyden, og som i ulik grad engasjerer seg og er med på ulike aktivitetar i løpet av veka. Det er mange ressurspersonar blant ungdomane som ein kan spele på. Ungdomsarbeidet starta som eit grasrotarbeid, og nå treng me nokon til å utvikla og ta arbeidet vidare. Den som vert tilsett som ungdomsarbeidar vil jobbe tett saman med kapellanen, som allereie er involvert og engasjert i ungdomsarbeidet.

 

Arbeidsoppgåver

  • Praktiske oppgåver knytt til planlegging, gjennomføring og leiing av klubbkveldar og ungdomsmøte. Her under halde andaktar for ungdom.
  • Vere med å planleggje og vidareutvikle arbeidet saman med kapellanen og styret i ungdomsklubben.
  • Enklare overordna koordinering av ungdomsarbeidet.
  • Ansvar for sosiale medier (saman med ungdomane) knytt til ungdomsarbeid.
  • Kontakt og kommunikasjon med ungdommane.
  • Det kan også verte aktuelt å vera med på nokre KRIK-treningar i løpet av semesteret.
  • Ved behov kan det ved einskilde høve verte aktuelt å ta del i t.d. konfirmantopplegget, ungdomsgudsteneste (søndag), etc.

 

Kvalifikasjonar

  • Har eit ekte engasjement for ungdom
  • Tar initiativ og er sjølvstendig, men trivst også med å jobbe i team
  • Kul nok til å henge med ungdom, moden nok til å ta vaksent leiaransvar.
  • Trygg i trua på Jesus og ynskjer å dele trua vidare.

Personlege eigenskapar vert sterkt vektlagde

 

Vi tilbyr

  • Eit nytt og spennande ungdomsarbeid
  • Eit godt og støttande arbeidsfellesskap
  • Høve til å vere med og forme og utvikle eit viktig arbeid for og med ungdom

 

Anna

·         Den som vert tilsett må kunne leggje fram tilfredsstillande vandelsattest, jf. trussamfunnslova §20 og politiregisterlova §39.

  • Medlem av Den norske kyrkja eller bli det (dobbel medlemsskap er mogleg).
  • Kan jobbe om lag annankvar helg.
  • Vi oppmodar deg som er mellom 20-30 år og/eller har erfaring frå kristent ungdomsarbeid om å søkja.
  • Oppstart i stillinga så snart som mogleg.
  • Dagleg leiar vil vere næraste overordna.

 

 

Søknad

Send ein kort søknad med motivasjon, kva du kan bidra med, samt CV (ta med eventuell tidlegare erfaring med ungdomsarbeid eller kyrkjeleg arbeid) til kapellan Gina Marie Reisæter-Thu på gr693@kirken.no (90 88 73 23)

Søknadsfrist: søndag 19. april.

Ta gjerne kontakt dersom du har spørsmål om stillinga eller arbeidet.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"