KURS: Varmare relasjonar

Har du lyst til å verte tryggare på å helse på dei som er ukjende for deg? Betre på "small talk"? Lære kva nykommarar treng for å kjenna seg velkomen? Gjere møteplassane våre endå meir inkluderande, både for dei nye og dei faste?

Publisert:

KURS: Varmare relasjonar

Det vert kurs i sosial inkludering tysdag 14. oktober og 11. november 18:00-21:00. Marianne Magnussen er diakon og samfunnsvitar har forska på temaet i fleire år. Ho skal leie oss gjennom ein variert kveld med forskingsbasert undervisning, samtalar i plenum og mange ulike øvingar slik at me alle får det "under huda". Innholdet denne kvelden er fra kurset hennes «Varmare kyrkjekaffi».

Kurset er gratis for deg som deltakar, inkludert servering. Det er opent for alle. Inviter veldig gjerne med nokon som har lyst til å verte betre kjend med kyrkjelyden vår. Jo flere me vert, jo enklare vert det å saman utvikle kyrkjekaffikulturen vår! 

Stad: Arna kyrkjelydshus
Påmelding: arna.menighet@kyrkja.no eller 55 36 22 70 
Påmeldingsfrist: 13. oktober

Me vonar å sjå deg!                        

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"