Ledig stilling som sokneprest i Sauda

Sauda og Ryfylke kan by på flott natur og ei kyrkje som er godt forankra hos folk. Vil du vere med å forma ei open og raus folkekyrkje i Sauda? Søk innan 7. september.

Publisert:

Sauda er ein spennande plass å vera prest, og soknet samarbeider med fleire organisasjonar og lokalsamfunnet om ulike aktivitetar. Foto: Sauda sokn
Sauda er ein spennande plass å vera prest, og soknet samarbeider med fleire organisasjonar og lokalsamfunnet om ulike aktivitetar. Foto: Sauda sokn

Stavanger bispedømme søkjer sokneprest i 100 % stilling i Ryfylke prosti, med særskilt arbeidsområde i Sauda sokn. Soknet omfattar Sauda kommune.

 I Sauda bur det 4500 menneske. Byen er ein industriby, med Eramet Norway, eit moderne smelteverk, som ein sentral arbeidsplass. Det er mange tusen tilreisande til Svandal skisenter. Byen har eit rikt tilbod til born og ungdom innan idrett, musikk, dans m.m, og eit godt skuletilbod frå grunnskule til vidaregåande skule. Båt-/bussamband til Stavanger fire gonger til dagen. Turen tek to timar. Haugesund er heller ikkje meir enn to timar unna. Les meir på https://visitsauda.no/
 
Sauda er ein spennande plass å vera prest, der det er mogleg å vera med å forma ei raus og open folkekyrkje. Hovudmålsetjinga for Sauda sokneråd er: «Hjelpa alle til den kristne tru. Tru gir trygghet!» Kyrkjelyden har eit aktivt korabeid gjennom Sauda Soul Children og samarbeider med kristne organisasjonar om ulike aktivitetar. I prosjektet «Barn er Bra» jobbar Sauda kyrkjelyd, Sauda kommune, Kulturhuset, Idrettslaget, Samarbeidsforeninga Sauda-San Juan del Sur og mange frivillige, med støtte frå Eramet Norway og Sauda fabrikkarbeidarforeining m.fl, saman for å laga ein barnefestival med mange aktivitetar kvar haustferie.
 
Sauda kyrkje frå 1866 er hovudkyrkje. Elles er det gudstenester i Saudasjøen kapell og Hellandsbygd kapell. I 2024 var det eit gjennomsnitt på ca. 65 deltakarar på gudstenestene. Det er om lag 40 dåp, 8 vigsler, 43 konfirmantar og 60 gravferder i året. Soknepresten deler ansvaret for tenestene med prosti-/fengselsprest som har 60% teneste i Suldal og Sauda.
 
Soknepresten har kontor- og stabsfellesskap med dei andre kyrkjeleg tilsette i Sauda.
Kontoret ligg sentralt til. I tillegg til sokneprest og prosti/fengselsprest, består arbeidsfellesskapet av kyrkjeverje, diakon, kyrkjelydspedagog, organist, sekretær (ca. 50 %) og tilsette i gravferdstenesta.

Sjå heile annonsa og søk på stillinga innan 7. september her.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"