Du kan sjå meir om Den norske kyrkja i Surnadal på denne lenka:
Vårsøglandet er ikkje berre eit poetisk omgrep, det er og ein geografisk stad. Det ligg i Surnadal på Nordmøre. "Eg veit meg ei bygd innmed Trollheimen blå med vangar så vide og glitrande å og fagraste fjorden i fanget." Slik heiter det i songen som ber kommunens namn.
No er det ledig stilling som sokneprest i Indre Nordmøre prosti med sokna i Surnadal som særskild tenestestad og prostiet som tenestedistrikt. Dette er den eine av to prestestillingar i kommunen. Frå april i år har prosten hatt sitt sete i kommunen. Soknepresten vil få ei rolle i utforminga av den nye organiseringa, og arbeidsfordelinga prestane imellom. Kommunen har 6 kyrkjer og 5 sokn. Kyrkjene Ranes, Stangvik, Todalen, Øye og Åsskard er såkalla langkyrkjer bygd i andre halvdel av 1800-talet. Mo kyrkje er ei av 5 Y-kyrkjer i landet, og fyller 300 år i 2028. Det er gravplassar i tilknyting til alle dei seks kyrkjene i kommunen, og alle sokn nyttar nynorsk.
