Visjonen til SMM:
Misjonerande kyrkjelydar der evangeliet frigjer menneske og myndiggjer dei til å dele trua gjennom nærvær, handling og ord, lokalt og globalt.
Dei sju misjonsorganisasjonane som utgjer SMM er:
- HimalPartner
- Den Norske Israelsmisjon
- Det Norske Misjonsselskap
- Normisjon
- Misjonsalliansen
- Stefanusalliansen
- Areopagos
Her kan du lese meir om Samarbeid Menighet og Misjon
SMM i Møre
Det regionale utvalet Samarbeid Menighet og Misjon i Møre bispedømme har representantar frå bispekontoret og frå dei sju misjonsorganisasjonane som er med i SMM. Utvalet arbeider m.a. med å gje kyrkjelydane hjelp til å integrere misjonsavtalane sine i kyrkjelydsarbeidet: Legge til rette for misjonsavtalar, fremje fornya forståing av misjon, arbeide for at misjon blir ein integrert del i gudstenester, trusopplæring og diakoni.
Takkoffer til SMM
Somme kyrkjelydar ønskjer å ta opp takkoffer til alle SMM-organisasjonane samla. Det blir då fordelt mellom organisasjonane etter ein fordelingsnøkkel. Slike gåver skal sendast til kontonummer 2801 45 98164. Det er felles for heile DNK så det er viktig at de merkar innbetalinga med «DNK v/Møre bispedømeråd 2803272».
Kyrkjemøtet om samarbeid kyrkje-misjon
Kyrkjemøtet i 2012 gjorde vedtak om samarbeidet kyrkje – misjon:
- Kyrkjemøtet oppfordrar kyrkjelydane til at heilskapleg misjonsengasjement styrkast i forkynninga, vert synleggjort i gudstenester og i arbeid med lokale planar for trusopplæring, diakoni og kultur.
- Alle døypte er kalte til å vitna om og dela trua si i kvardagen. Med frimot og respekt for andre menneske skal trusopplæring og gudstenesteliv i kyrkjelyden utrusta dei døypte til dette som ein del av kyrkjelyden sitt mi- sjonsarbeid.
På kirken.no/smm finst mykje informasjon, inspirasjon, idéar og tips knytt til arbeidet med misjon i kyrkjelyden.
Vil du vite meir? Sjekk ressursane eller ta kontakt med misjonsrådgjevar Grethe Lystad Johnsen.