Vennskapsavtalen med Newcastle fornya

Vennskapsavtalen mellom Newcastle bispedømme og Møre bispedøme vart fornya då biskop Ingeborg denne veka gjestar Newcastle-området.

Biskop Ingeborg (t.h.) i Møre og bishop Christine i Newcastle underteikna den fornya venskapsavtalen mellom Newcastle Diocece og Møre bispedøme under besøket i St. Cuthberts kirke på øya Inner Farne, utanfor kysten av Northumberland i England.

Saman med bishop Christine stod biskop Ingeborg for underteikninga i St. Cuthberts kyrkje på Farne-øyane (bildet).

Under opphaldet for biskop Ingeborg denne gongen er merksemda retta mot pilegrimsvandring, og saman med andre er dei to biskopane på vandring langs St. Cuthberts Way fra Melrose til Lindisfarne/ Holy Island.

Undervegs vitja dei også Farne Islands (tidlegare ofte kalla Farnes) er ei øygruppe utanfor kysten av Northumberland i England. Dei første kjende innbyggjarane på Farne Islands var forskjellige culdee-munkar, somme knytte til Lindisfarne. Dei levde der som eremittar.

 

Nær kontakt

Møre bispedøme og Newcastle bispedøme i England har sidan år 2000 hatt nær kontakt. I 2008 vart denne kontakten formalisert i ein vennskapsavtale.

Venskapsavtalen inneber ei stadfesting av det nære sambandet over Nordsjøen, og inneheld ei rekkje punkt kring utvikling av kristent fellesskap og samarbeid. I 2013 vart denne avtalen førstte gong fornya og omfatta då m.a. desse punkta.

  • Be regelmessig og systematisk for kvarandre
  • Dele visjonar og utveksle informasjon om kyrkjene
  • Skape teologisk samtale, refleksjon og debatt
  • Leggje til rette for besøk for å dele idear, erfaringar
  • Ta imot prestar og diakonar til å gjere teneste i kvarandre sitt bispedøme 

Avtalen som no vart signert har ikkje mange endringar frå gamal avtaletekst, men den nye avtalen inviterer i større grad til å samtale med kvarandre om dei misjonale utfordringanr i våre to bispedøme i ei tid med store omskifte og hurtige endringar.

 

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"