Tilrådingar til bevaringsprogram for kyrkjebygg klare

I 2022 har Riksantikvaren og Den norske kyrkja arbeidd med korleis dei norske kyrkjebygga kan bli sette i stand i åra som kjem. Tilrådingane er no leverte til trus- og livssynsminister Kjersti Toppe.

Edøy gamle kirke (ca. 1190) på Edøya i Smøla kommune er ei av kyrkjene i Møre som vil nyte godt av bevaringsprogrammet for kyrkjebygg. (foto: Svein Magne Harnes)

Les Riksantikvarens nyheitssak om bevaringsprogram for kyrkjebygg, med alle delrapportane knytte til satsinga

 

Rapporten frå Riksantikvaren og Den norske kyrkja tilrår at det blir utforma ein nasjonal bevaringsstrategi med tre tilhøyrande bevaringsprogram. Bevaringsprogramma er delte inn etter alder på kyrkjene: Eitt program for middelalderkyrkjene, eitt for kyrkjer frå 1537–1850 og eitt for kyrkjer etter 1850.

I Møre bispedøme er det totalt 120 kyrkjer. Om lag halvparten av desse er listeførte av Riksantikvaren som særleg verdfulle i et kulturminneperspektiv. Det er 9 mellomalderkyrkjer i Møre, og alle desse er totaltfreda etter kulturminnelova. Det er også ein god del kyrkjer i Møre frå tidsrommet 1537 - 1850, som er automatisk listeførte etter alder.

Til kvart av bevaringsprogramma som no er under utarbeiding vil det følgje fire innsatsområde: Bevaring (istandsetjing, sikring og konservering), kunnskap og kompetanse, oppleving og formidling, og engasjement og deltaking. Hovedinnsatsområdet vil vere bevaring, men dei øvrige innsatsområda vil vere svært viktige for å nå målet om å bevare  kyrkjebygga både på kort og lang sikt.

– Gjennom dette arbeidet vil vi leggje til rette for istandsetjing av dei kulturhistoriske kyrkjene og til engasjement, oppleving og formidling av kulturarven, seier klima- og miljøminister Espen Barth Eide (Ap).

Basert på tilrådingane skal no Barne- og familiedepartementet og Klima- og miljødepartementet utarbeide ein nasjonal bevaringsstrategi. Målet er at denne skal vere klar i løpet av første halvår 2023.

Bevaringsarbeidet vil truleg måtte gå over ein lang tidshorisont. Kor lang denne tidshorisonten vil og bør vere, avheng av mellom anna marknaden og dei antikvariske fagmiljøa sin kapasitet og evne til å gjennomføre istandsettinga, og den årlege finansieringa frå både stat og kommune.

 

Les Riksantikvarens nyheitssak om bevaringsprogram for kyrkjebygg, med alle delrapportane knytte til satsinga

 

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"