Takk og bøn i Møre

Møre bispedøme sin bønekalender "Bøn gjennom veka" ligg no føre i ein revidert versjon. Last ned bønekalenderen og bruk den i din samanheng!

Møre bispedøme sin bønekalender "Bøn gjennom veka" er dagleg i bruk ved andaktene i kapellet i Møre bispedøme. Kyrkjelydar, stabar og private er inviterte til å skrive ut kalenderen frå nettsida og ta den i bruk i sin samanheng!

Bønekalender - nynorsk
Bønnekalender - bokmål

I mange år har Møre bispedøme brukt bønekalenderen til dei daglege andaktssamlingane i kapellet på bispedømekontoret. Fleire kyrkjelydar og private har også brukt kalenderen til samlingar og i eige bøneliv.


Nytt
Kalenderen er no revidert og oppdatert. Fadervår har fått ein meir sentral plass i bønekalenderen ved at dei ulike bønene få fokus på ulike vekedagar. Ein del av bønene står som før, andre er nye eller har fått ei språkleg oppdatering. Vidare har takksemda over mange medarbeidarar og over det rike og mangfaldige arbeidet i bispedømet fått meir plass, ved at dei ulike bønene blir innleia med orda "La oss takke og be".


Rytme og variasjon i bøna
Kalenderen er organisert slik at kvar vekedag har sine bøneemne. På denne måten kan kalenderen gi hjelp til god rytme og variasjon når ein ber, anten åleine eller ved samlingar i stab og kyrkjelyd.


Versågod
Møre bispedøme vil med utsending av ny bønekalender invitere til merksemd på takk og bøn, og utfordrar kyrkjelydar, stabar og private til å skrive ut kalenderen og ta den i bruk i sin samanheng!

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"