Reformasjonsklang i Volda

Det klang av tru i Volda då reformasjonsjubileet laurdag vart markert med salmesong, fagdag og festkonsert. Gud gir - vi deler, var gjennomgangstonen.

Jentekoret frå Jippikoret ved Ikornnes kyrkjelyd framførte med smittande entusiasme salmar og songar då "Klang av tru" var tema under reformasjonsfagdagen i Volda. Musikalsk leiar og pianist er Rose Iren Stave.

Luthersalmar fylte Volda kyrkje ved innleiinga til reformasjonsdagen i Volda. Mellom innslaga var Kammerkoret, under leiing av Magnar Åm, som framførte Luther-salmen Ein Feste Burg ist Unser Gott i eit klassisk arrangement. Jan Inge Sørbøs poengterte tekst om moderne Avlat hadde fått ei spennande musikalsk omramming og vart framført av Kirsten Ragnhild Grimstad. Vidare sang Gunnar Stave solo på to Luther-salmar, medan Kirsten Ragnhild Grimstad urframførte ei Luther-nyomsetjing av Arve Brunvoll (Fader Vår) til musikk av Ragnar Bjerkrheim. Forsamlinga var med og sang Eyvind Skeies nylaga reformasjonsjubileumssalme Stig fram, Guds folk.

Under reformasjonsfagdagen, eit samarbeidsprosjekt mellom Høgskulen i Volda og Møre bispedøme, innleia Kjartan Leer Salvesen og Ralph Meier om Nåde hjå Luther og i populærkulturen. Dei viste m.a. fleire filmklipp frå filmar som rører ved tematikken.

 ARRANGØRAR: Sentrale personar under reformasjonsdagen i Volda. Frå v. prost Ingeborg Matre; førsteamanuensis ved Høgskulen i Volda, Jan Ove Ulstein; rådgivar trusopplæring i Møre bispedøme, Bente Wangensteen; leiar kyrkjelivsavdelinga i Møre bispedøme, Arvid Helle; førsteamanuensis ved Høgskulen i Volda, Per Halse; førsteamanuensis ved Høgskulen i Volda, Ralph Meier og førsteamanuensis ved Høgskulen i Volda, Kjartan Leer-Salvesen.

Per Halse snakka om luthersk trusopplæring i eit historisk perspektiv. Han var innom tider då "krav til tru" var markant og folk vart "pint under Pontoppidan". Også i vår tid ser vi ein ung «generasjon prestasjon» om enn med eit anna forteikn. Då blir det viktig å løfte fram at det ikkje er det vi presterer eller produserer som gjev oss menneskeverd, men kva vi får, understreka Halse.

Trusopplærar i Volda, Constanze Lindner og sokneprest Arne Moltubakk i Ørsta presenterte korleis trusopplæringa blir lagt opp i kyrkjelydane i dag. «Gud gir - vi deler» var gjennomgangstonen. I samband med dette vart også Willem Vogelaars trusopplæringsverk Martins vidundelige verden presentert. 

LES OM LUTHER: Ivar Lotsberg, mangeårig tilsette ved Lærarhøgskulen i Volda og ivrig deltakar i kyrkjelivet i bygda, er i reformasjonsåret i gang med å lese den nye store Luther-biografien. På biblioteket ved høgskulen er det for tida ei eiga Luther-utstilling.

Under overskrifta Klang av tru trakk Jan Ove Ulstein opp perspektiv kring luthersk salmetradisjon. Han peika på at ein salme er liturgi, poesi og musikk i eit liturgisk modus. Men utan musikk ingen salme, understreka Ulstein, som løfta fram verdien av å være inkludert i fellessang.

«Klang av tru» - Ikornnes jentekor, ei gruppe frå Jippikoret i Ikornnes kyrkjelyd eksemplifiserte dette gjennom salmar og songar, framført med smittande entusiasme. Rose Iren Stave er musikalsk leiar for koret, og saman med trusopplærar Anna Myklebust delte ho erfaringar om bruk av salmar i gudstenestefeiring og trusopplæring.

Laurdagkvelden var det stor festkonsert i Volda kyrkje, der Mozarts symfoni nr. 40 i G-moll vart framført av Høgskulekoret og symfoniorkesteret under leiing av Magnar Åm. Solist var Karina Holkestad og ved sida av symfonien fekk tilhøyrarane m.a. lytte til komposisjonar av Magnar Åm.

Reformasjonsdagen i Volda føyer seg inn i rekka av reformasjonsarrangement denne hausten. Dette er del av ei brei internasjonale markering av at det er 500 år sidan Martin Luther innleia reformasjonen. Arrangør for reformasjonsdagen i Volda var Møre bispedømeråd i samarbeid med Høgskulen i Volda og Volda kyrkje.

 

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"