Nytt bispedømmeråd i Møre

Sjå valrapport og valtal nedst i saka.

Nytt bispedømmeråd i Møre

Det nye bispedømmerådet i Møre for dei kommande fire åra er no klart. Det består av tre kvinner og fire menn. Rådet får 3 representantar frå Åpen folkekirke, 2 representantar frå Nominasjonskomiteen si liste, 1 representant frå Frimodig kyrkje og 1 representant frå Bønnelista.

Nedst på denne sida kan du sjå og laste ned valrapporten, med listestemmer per liste, stemmer per kandidat, tal på stemmer digitalt og på papir, med  meir. 

Valrådet hadde møte den 13.september og godkjende det endelege valresultatet for kyrkjevalet i Møre. Valresultatet er publisert med atterhald om eventuelle klager. Endeleg godkjent valresultat vil ligge føre seinast 22. september 2023.

Alle valresultat, oversikt over vararepresentantar og røystetal finn ein nettstaden til Den norske kyrkja: kirken.no/

Møre bispedømmeråd har og ein vald representant frå prestane og ein frå dei leke kyrkjeleg tilsette, i tillegg til biskopen. Val av prest og leke kyrkjeleg tilsett vart høvesvis Arne Moltubak (sokneprest Ørsta) og Magnus Moksnes Myhre (domkantor).

Bispedømerådet blir vald for fire år. Medlemane er Møre bispedømme sine medlemmer i kyrkjemøtet.

Dette er det nye Møre bispedømmeråd (presentert alfabetisk etter namnet listene):

 

Bønnelista sin representant:

Laila Terese Alendal 

 

Frimodig kirke sin representant:

Arnt Ove Tennfjord

 

Nominasjonskomiteens liste sine representantar:

Amalie Valde Berge
 
 
Knut Støbakk

 

 

Åpen folkekirke sine representantar:

Therese Kristin Utgård Aas

Olav Myklebust

Ole Kristian Gundersen


Biskop Ingeborg Midttømme er fast medlem av rådet i eigenskap av å vere biskop, og står ikkje val.

NB! Oppdatert 29.9.23
Kirkerådet har rettet en teknisk feil i systemet for opptelling og utregning av resultatet i valg av leke til bispedømmeråd og Kirkemøtet. Mandatfordelingen eller kandidatkåring er ikke påvirket, det ble bare mindre korrigeringer for listestemmer.

For Møre bispedømmes valgoppgjør innebar korrigert valgoppgjør at Nominasjonskomiteens liste har fått 1 listestemme, Frimodig kyrkje har mistet 4 listestemmer, Bønnelista har fått 2 listestemmer og Åpen folkekirke har fått 1 listestemme. Du kan se oppdatert valgprotokoll i dokumentet nedenfor.
 
Valgrådet i Møre godkjente revidert valgoppgjør 28.9.23.

 

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"