Seglas markerer opning av Kystpilegrimsleia

I juni blir det markering og seilas frå Egersund til Trondheim for å markere at kystpilegrimsleia offisielt er godkjent som nasjonal Olavsled. Frå 18. - 23. juni vil redningskøyta Risør ll besøke Møre og Romsdal.

18. - 23. juni vil seglskuta Risør II sigle innom pilegrimsstader i Møre bispedøme i samband med opninga av Kystpilegrimsleia. På kvar pilegrimsstad blir det eit arrangement. Sjølve hovudarrangementet for opning av Kystpilegrimsleia vil vere på Edøya, Smøla 23. juni.

Sommaren 2018 vil det vere opningsmarkeringar i kvart fylke. Hovudarrangementet og nasjonal opning er lagt til Edøy på Smøla, laurdag 23. juni 2018. Arrangementet er eit samarbeid mellom Smøla kommune, Møre og Romsdal fylkeskommune, Riksantikvaren og Møre bispedøme.

Sjå programmet for opningsarrangementet på Edøya, Smøla lurdag 23. juni

Gjennom denne linken kan du følge båten si reise oppover Vestlandskysten

Seglingsprogram for Møre og Romsdal

Måndag 18. juni

SeljaHerøy

Herøy kystmuseum/kultursjef tek imot Risør II – omvisning - natthamn

 

Tysdag 19. juni

HerøyGiskeBorgund/Ålesund

kl. 13.00  Giske kyrkje - kvardagsgudsteneste med pilegrimsliturgi

-      Samsegling med Sunnmørsknarren til Borgund

-      Kl. 16.00 Borgund kyrkje – natthamn Sunnmøre museum

 

Onsdag 20. juni

Ålesund – Veøy - Molde – (alt. Bjørnsund)

18.00 – Veøya - Omvisning i prestegarden, kyrkja og «kaupangen» - tidebønnsgudsteneste

 

Torsdag 21. juni

Trykk på denne linken for å få program for åpning av kystpilegrimsleia på Kvernes

Molde (alt. Bjørnsund) - KvernesGrip

17.00 – Kvernes – oppmøte ved Gamle Kvernes Bygdemuseum – vandring

18.10 – Kvernes Stavkyrkje – musikalsk innslag – spel – kvardagsandakt

19.30 – Kvernes – Klippen, middag – rømmegraut

Grip natthamn

 

Fredag 22. juni

Grip - Mellemverftet/Kristiansund

 

Lørdag 23.Juni

Mellemverftet/KristiansundEdøy/SmølaBrekstad

13.30 –- Hovudarrangement Smøla – Edøy/Kuli – «Frå viking til pilegrim»

16.30 – Transport-vandring til Kulisteinen

17.00 -  Opning av Kystpilegrimsleia ved preses, biskop Helga Haugland Byfuglien

 

Søndag 24. juni

Seilasen fortsett Brekstad – Trondheim

Edøy gamle kyrkje/Smøla kl. 13.00 – pilegrimsgudsteneste

Borgund/Ålesund kl. 11.00 - pilegrimsgudsteneste

Dette skjer på Smøla: 

Laurdag 23. juni

  • Kl. 13.10: Ferja kjem til Edøy
  • Kl. 13.30: Båtkortesje med historiske fartøy ønskes velkommen til Edøy
    • Allsang
    • Sang fra Fru Guri av Edøy med Karianna Sommero og Rune Tylden
    • Fra Viking til pilegrim. Hans E. D. Husby i samtale med biskop Ingeborg Midttømme,
    • Kort pilegrimsvandring på Edøy.
  • Kl. 16.30: Buss og anna transport til Kuli.
  • Pilegrimsvandring til Kulisteinen
  • Kl. 17.00: Opning av Kystpilegrimsleia
    • Innslag ved mellom anna Smøla kulturskole, Hans Erik Dyvik Husby, Rune Tylden
  • St. Hans feiring ved grendahuset på Edøya. Bålet blir tent kl. 20.30- 21.00 

Søndag 24. juni 

  • kl. 13.00: Pilegrimsmesse i Edøy gamle kirke med Møremusikarane

 Her kan du laste ned brosjyre om kystpilegrimsleia

Om Kystpilegrimsleia:
  • Kystpilegrimsleia er eit samarbeidsprosjekt mellom fem fylkeskommunar og fire bispedøme frå Rogaland i sør til Trøndelag i nord.
  • Målet er å ta opp igjen seglingsleia frå middelalderen frå Stavanger til Trondheim
  • Dette skal vere eit berekraftig og miljøvenleg reiselivsprodukt
  • Kystpilgrimsleia vart godkjent som ein av St.Olavsvegane til Trondheim i 2017
  • I tidsrommet 18. - 23. juni 2018 vil båten reise gjennom Møre og Romsdal

 

Fleire linkar til vidare lesing om Kystpilegrimsleia:

- Nettmagasin om kystpilegrimsleia

- Vestlandskysten har mange kulturarvminner som vitnar om dei mange pilegrimane

- Nøkkelstadar tilknytta kystpilegrimsleia. Her kan ein få stempel i pilegrimpasset sitt

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"