Kyrkjesongfest og reformasjonsfeiring i Molde domkirke

28.- 29. oktober blir domkyrkja i Molde fylt med vakker korsong når Norges Kirkesangforbund – Møre arrangerer kyrkjesongfest. Samstundes er det gudsteneste i samband reformasjonsjubileet under overskrifta «Frelsa er ikkje til sals».

Kyrkjesongfest og reformasjonsfeiring i Molde domkirke

På gudstenesta søndag 29. oktober framfører korsongarar frå heile bispedømmet det nyskrivne tingingsverket «Solae», med tekster av Jan Ove Ulstein og musikk av Bert Handrick.

Tekstane tek utgangspunkt i temaa for dei fire temagudstenestene som blir haldne i kyrkjelydar over heile landet i samband med feiringa av 500 års jubileet for reformasjonen: «Nåden åleine», «Skaparverket er ikkje til sals», «Frelsa er ikkje til sals» og «Menneske er ikkje til sals».

Gudstenesta 29. oktober er den tredje av desse temagudstjenestene, og har som tema Frelsa er ikkje til sals.

Eit seminarkor med 90 songarar frå sju kor i bispedømet deltek på gudstenesta saman med m.a. biskop Ingeborg Midtømme, domprost Olav Gading, sokneprest Grethe Lystad Johnsen og kantor Tone Synnøve Øygard Steinkopf.

 

Etter gudstenesta blir det kyrkjekaffi før kyrkjesongfesten held fram med Matinékonsert i domkyrkja.

 

Kontaktperson Kyrkjesongfest: Arne Gjære, mobil 905 15 415

Kontaktperson reformasjonsgudsteneste: domprost Olav Gading, mobil: 918 46 026

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"