Kyrkjesmykke frå mellomalderen restaurert

Altartavla frå ca. 1520 i Norddal kyrkje (1782) blir restaurert for nær ein million kroner. Riksantikvaren meiner det unike altarskapet er eit viktig døme på interiørendringar som følgje av reformasjonen.

Altartavla i Norddal kyrkje er eit mellomaldersmykke; ei såkalla ”Kalvari-gruppe”. Den har likskapstrekk med altartavler frå meisteren Bernt Notke og hans elevar i Lübeck, og ekspertane trur at altartavla skriv seg frå Lübeck omkring 1510-20

Riksantikvaren har løyvd ein sum på inntil 906.000 kroner, slik at ekspertar frå Norsk Institutt for Kulturminneforskning (NIKU) over ein periode får utført konserveringsarbeid på mellomalder-altartavla. Instituttet vil presentere framgangen i prosjektet i sosiale media og på nett under #altertavleninorddal

Altartavla er ei såkalla ”Kalvari-gruppe”. Den har likskapstrekk med altartavler frå meisteren Bernt Notke og hans elevar i Lübeck, og ekspertane trur at altartavla skriv seg frå Tyskland omkring 1510-20. Ramma er frå omkring 1670. På altaret er Jesus flankert av Maria og Josef, og på dørene er det maleri av Maternus og en 1500-talsversjon av Heilag-Olav.

 

Med omramminga er altarskapet ein kompleks og stor gjenstand; ca. 340 cm brei og ca. 270 cm høg.

Riksantikvaren meiner den gamle altartavla er eit godt døme på at gamalt kyrkjeinteriør har gått gjennom mange endringar i fargar, og dermed fell det godt inn i NIKU sitt forskingsprosjekt Fra middelalder til renessanse, katolisisme til lutheranisme – hva skjedde med kirkekunsten som overlevde endringen.

Altarskapet vart frakta frå Norddal kyrkje til NIKU sitt atelier tidlegare i år. NIKU skal utføre eit sokalla forprosjekt, der ein kartlegg endringshistorikk gjennom m.a. undersøkingar av fargelag samt undersøkjer behandlingsmetodar for altarskåp og den barokke ramma.

Rådgjeving, kontroll og godkjenning av metode for konservering er Riksantikvaren sitt ansvar, og når forprosjektet er fullført kan det bli tale om eit hovudprosjekt, der sjølve restaureringsarbeida skal utførast. 

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"