Kveldssamling med tidebøn

For tredje året på rad ynskjer Herøy kyrkje velkomne til "Samling med Tidebøn" rundt altaret på den gamle kyrkjestaden på øya Herøy. Dette blir kvar onsdag i sommar i perioden 21.juni til 16.august kl 18.00-18.25. Alle er velkomne!

Eit bilete av den gamle kyrkjestaden på Herøy. Bilete: Herøy kyrkje

Nokre lurer kanskje på kva dette er? Til det får vi berre seie, kom og opplev! Her er likevel ei tekst som skildrar noko av bakgrunnen for tilbodet om tidebøn:


Kveldssamling med tidebøn er eit tilbod i regi av Herøy kyrkje, til pilegrimar (fastbuande eller longvegs frå) som ynskjer ta turen til Herøy gard og den gamle kyrkjestaden.
Det er utarbeidd ein eigen pilegrimsliturgi for vår "nøkkelstad på Kystpilegrimsleia" som vert nytta i samlinga, gjerne kombinert med salmar. Skikken med å be tidebøn går langt tilbake i tid, og inneber at ein ber til fastsette tider.

Kven er ein pilegrim? Det kan alle vere og det er eit trekk ved alle religionar. Du kan reise fysisk som pilegrim, men du kan også reise i ditt indre. Å vere ein pilegrim kan også handle om ein måte å sjå livet på dvs at vi alle er undervegs frå vogge til grav og det gjeld å finne nokre gode "ladestasjonar" undervegs på reisa. Ein tidebøn kan fungere som ein slik ladestasjon🙏.

Samlingane vert i sommar leia av prestane Solfrid, Kjell Roger eller ein frivilijug medarbeidar.
Om veret er dårleg (regn eller vind) vert samlinga flytta til steinhuset som ligg bak hovudhuset på Herøy gard.
"Herøy gamle kyrkjestad" er pilegrimsmålet på øya Herøy som er ein nøkkelstad på Kystpilegrimsleia.

"Herøy gamle kyrkjestad" er tuftene etter ei marmorkyrkje vigd til Maria. Ho vart truleg bygd fyrste halvdel av 1100-talet, og den særskilde posisjonen Herøy sidan hadde, var det fyrst og fremst kyrkja som bidrog til.

Kyrkja og gudstrua var, og er, svært viktige i folk sine liv, og kyrkjebakken var den fremste møteplassen. Ikkje minst var kyrkjene viktige seglingsmerke for sjøfarande langs kysten.
På Herøyberget har det også stått ei tømmerkyrkje. Den steinmurte sokkelen er bygd av steinar frå gamlekyrkja, og kan sjåast i terrenget.

Vel møtt til alle pilegrimar - (eller bilegrimar)!

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"