Konfirmantmusikal med suksess i Hareid

Konfirmantane, staben og frivillige i Hareid sokn - laga musikalen «Peter», eit prosjekt der alle har vore med og hatt oppgåver av ulik karakter. Konfirmantmusikalen "Peter" handlar om dei 12 læresveinane til Jesus, og Jesu siste dagar på jorda. Konfirmantane fekk lage kostymer, kulissar, scene, sto for det musikalske, songen, lyd/lys, skodespel, ja alt!

Frå konfirmantmusikalen i Hareid. Bilete: Hareid sokn

Undervisningsopplegget for dei 62 ungdomane som blei konfirmert i Hareid kyrkje i mai i år, blei tilrettelagt både for å gjere noko kjekt som dei ilag kunne jobbe fram mot, men også for å tilpasse dei talent, utfordringar og eigenskap som dette kullet hadde. Undervisninga har difor vore ei god blanding av teori og praksis. Arbeidet starta tidleg på hausten 2022 og har pågått heilt til framsyninga i Hareid kyrkje både laurdag 4. og søndag 5. mars i år. Framsyninga var open for alle som ville kome, og det var fullsatt kyrkje begge dagane. Kyrkjerommet var kreativt omgjort til både hav og land, i stille og i storm, med effektar som røykmaskin og lyskastarar.

«Kjeften, Judas!  Med kvardagsleg språk og humor, har konfirmantane i Hareid fargelagt fleire av bibeltekstene som fortel oss soga om Simon Peter, fiskaren frå Kapernaum som vart læresveinen til Jesus og som seinare skulle verte leiaren for den første kristne kyrkjelyden. Gjennom dramatisering, opplesing og ikkje minst song og musikk, tok konfirmantane oss frimodig med gjennom fleire av fortellingane om Peter, heilt frå Jesus bad han om å «joine» han, der ved breidda av Genesaretssjøen for 2000 år sidan», sitat frå Jorulf Myrene, Vikebladet Vestposten.

Scene frå konfirmantmusikalen. Bilete: Hareid sokn

Det er ikkje få som har vore involvert på eit eller anna vis. Frivillige føresette, besteforeldre og andre, har vore med på ulikt vis for at vi kunne gi dette tilbodet om musikal. Med ein liten stab, har vi difor knytt til oss nokre frivillige med rett kompetanse, som vi har tradisjon for å gjere. Folket i Hareid er glad i kyrkja si og positive til arbeidet som vert gjort. Det er difor aldri vanskeleg å få hjelp når det trengs. Og kjekt har det vore!

«Den ærverdige preikestolen var pakka inn i grå tekstilar og evangeliet var flytta ned «på gølvet» i denne framsyninga. Med musikalen Peter har konfirmantane og staben i Hareid sokn skapt orden ut av kaos, skal vi tru kateket Barbro Landmark då ho fortalde publikum litt om korleis musikalen har blitt til.
– Då vi tok til med dette prosjektet i haust var det ingen som visste korleis det ville bli, sa kateketen»,
sitat frå Jorulf Myrene, Vikebladet Vestposten.

Musikalen er skriven av Johannes Halvorsen, der vi har redigert litt tekst og tilpassa vårt miljø. Om det blir gjentaking for seinare kull, får tida vise. Krevjande, lærerikt og kjekt har det i alle fall vore. Og kanskje har nokon av konfirmantane fått ei tilnærming til historiane, som vil bli hugsa på ein annan måte med å ta aktivt del i suksessen med konfirmantmusialen «Peter».

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"