Jubileumsseglas - Møre bispedømme feirar 40 år

Møre bispedømme feirar 40 år, og det blir markert med fleire ulike arrangement. Eit av desse arrangementa er eit jubileumsseilas langs Kystpilegrimsleia, frå Herøy til Smøla. Prost Sindre Stabell Kulø og domkantor Magnus Moksnes Myhre står til rors, med mellom andre biskop Ingeborg Midttømme og nytilsett domprost Grethe Lystad Johnsen på mannskapslista.

Jubileumsseglas - Møre bispedømme feirar 40 år

Som ein del av markeringa av Møre bispedøme sitt 40 års jubileum blir det i perioden onsdag 30. august til laurdag 2. september arrangert ein jubileumsseglas langs Kystpilegrimsleia, frå Herøy til Smøla. Turen går innom dei seks nøkkelstadane langs leia i Møre bispedømme; Herøy, Borgund, Giske, Veøya, Kvernes og Edøy. I tillegg blir Grip besøkt.

Båten er ei gammal fiskeskøyte, og til rors står to båtglade og båtkyndige kyrkjelege tilsette; prost Sindre Stabell Kulø og domkantor Magnus Moksnes Myhre. Elles på mannskapslista står mellom andre biskop Ingeborg og nytilsett domprost Grethe Lystad Johnsen.

 

Opne arrangement i samband med jubileumsseglasen:

(Merk at endringar kan førekome)

 

Tysdag 29.august 

Herøy 

Kulturkveld i høve pilegrimsseglas frå Herøy - Edøy, med "Tablå" utifrå Herøyspelet. Songar og forteljingar. Kulturkvelden går av stabelen på Herøy gard. Biskop Ingeborg Midttømme i lag med skipper og mannskap på seglasen er til stades. Jekta "Anna Olava" og pilegrims-fiskeskøyta ligg ved kai. (Dersom veret ikkje tillet uteaktivitetar, blir Kulturkvelden inne i Indre Herøy kyrkje i Stoksund)

 

Onsdag 30. august 

Herøy 

Utsendingsgudsteneste på Herøy gamle kyrkjestad kl 09.00 

Borgund 

Program i Borgund kyrkje og på Middelaldermuseet frå kl 14.00. Pilegrimsvandring, tidebønn, omvising på museet, m.m. 

Giske 

Program på Giske frå kl 18.00. Tablå frå Giskespelet, Giske mannskor, kveldsmesse i Giske kyrkje, m.m. 

 

Torsdag 31. august 

Veøy 

Variert program på Veøy frå kl. 18.00. Vi får mellom anna Veøy-spel, Veøya si historie v/tidlegare førstekonservator Terje Thingvold, musikk ved Britt Elise Skram og Magnus Moksnes Myhre, og tidebønn i Veøy kyrkje.

Tidsramma på Veøy er frå kl. 18.00. Retur til Nesjestranda og Molde kl. 21.00.  

 

Fredag 1. september 

Kvernes 

Program frå 16.30. Pilegrimsvandring frå kaia til Kvernes kyrkje, omvising i stavkyrkja, tidebønn, m.m.  

Grip 

Konsert i Grip stavkyrkje ved Jorunn Marie Kvernberg og Rune Tylden kl 20.30. (Organisert båtskyss frå Kristiansund) 

 

Laurdag 2. september 

Edøy 

Fkl 12.30. Program på Gurisenteret, pilegrimsvandring til Kulisteinen, pilegrimsmesse i Edøy gamle kyrkje. 

 

Jubileumsseglasen blir støtta av: 

 
 
 
 

Et bilde som inneholder tekst, Font, sirkel, logoAutomatisk generert beskrivelse 

 
 
 
 

Et bilde som inneholder tekst, logo, Font, symbolAutomatisk generert beskrivelse 

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"