Høg oppslutning om kyrkja i Møre

Den norske kyrkja i Møre bispedøme har høg oppslutning, og folk er sterkt knytte til si lokale kyrkje. Oppslutninga om dåp og konfirmasjon er høgast i landet og gudstenestedeltakinga er stabil. Det viser Årsrapport 2015 for Møre bispedøme.

Stor oppslutning: Frå v. stiftsdirektør Bjørn Olaf Storhaug, leiar av bispedømerådet, Ann-Kristin Sørvik og biskop Ingeborg Midttømme kan legge fram ein årsrapport som viser at oppslutninga om kyrkja i Møre framleis er sterk.

Statistikken viser at mange i Møre bispedøme kjenner seg heime i kyrkja. 81,5% av alle innbyggjarane i Møre og Romsdal er medlemmer. Framleis vert livsritene for dei aller fleste markerte gjennom dåp, konfirmasjon, vigsel og gravferd.

Samstundes viser statistikken at medlemstalet har gått ned frå 85,2 prosent i 2011 til 81,5 prosent i 2015. Også talet på døypte har gått noko ned.

I 2015 vart det gjennomført 2175 dåpar, 2735 konfirmasjonar, 475 vigsler og 2204 gravferder i Møre bispedøme. 88 prosent av foreldre som høyrer til Den norske kyrkja døyper borna sine. 78 % av alle fødde blir døypte. 94 % av alle døypte 15-åringar vel konfirmasjon, noko som er 84 % av alle 15-åringar. For både dåp og konfirmasjon er dette høgast i landet. Fleire deltek også ved nattverd. 98,7% av dei som døyr får kyrkjeleg gravferd.

 

KYRKJELIV

Trusopplærings-satsinga er no etablert i alle prosti, og er ei viktig plattform for å føre vidare kristen tru og tradisjon. Gjennom gudstenestereforma og trusopplæringsreforma er involveringa frå frivillige medarbeidarar auka.

Gjennom visitasar får biskopen nær kontakt med kyrkjelydane. I 2015 gjennomførte biskopen 7 visitasar med breitt program og god oppslutning lokalt.

 

PRESTAR

Kyrkjemedlemmene i Møre er framleis nært knytte til sin lokale prest, men utfordrande geografiske tilhøve og skiftande rekrutteringssituasjon gjer det nokre gonger krevjande å sikre prest over alt der folk bur. Årsrapport 2015 viser også at delen kvinner i presteteneste i Møre er aukande, og utgjer no om lag 23 prosent av alle prestar.

 

KYRKJEVAL

Under Kyrkjevalet hausten 2015 hadde Møre bispedøme den nest høgaste valoppslutninga i landet, med 17,2% - ein auke på over 5 prosent frå kyrkjevalet i 2011. Folkeleg engasjement rundt to vallister medverka til å auke interessa.

 

SKILJE STAT - KYRKJE

Overføringa av det kyrkjelege verksemda frå staten til kyrkja frå 1. januar 2017 stiller kyrkja framfor ei rekkje utfordringar, m.a. knytt til organisering og økonomiske handlingsrom. Dette gjer at bispedømerådet alt ei god stund har arbeidd med å førebu overgangen. Kyrkjemøtet i april vil behandle overføring av verksemda, før Stortinget

i mai gjer det endelege vedtaket.

 

VERKSEMDA

Rekneskapen for Møre bispedøme i 2015 viser ei ramme på kr 73,7 millionar. 60 prosent av ramma er driftsmidlar (omkring 44 mill.), der lønsutgifter utgjer 87 prosent. Den andre delen er tilskotsmidlar (omkring 29 mill.), som i hovudsak går til diakonog kateketstillingar samt trusopplæringstiltak i kyrkjelydane.

 

Les heile Årsrapport 2015

Presentasjon årsrapport 2015

Pressmelding Årsrapport 2015

 

For meir informasjon:

Biskop Ingeborg Midttømme, mobil: 993 21 688

Leiar av Møre bispedømeråd, Ann-Kristin Sørvik, mobil: 951 81 111

Stiftsdirektør Bjørn Olaf Storhaug, mobil: 928 10 040

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"