Ordinasjon av Bente Sverdrup

Praktisk informasjon

Fra:10.9.2023 - kl.17.00

Til:10.9.2023 - kl.00.00

Sted:Dovre kyrkje

Arrangør:

Bente Sverdrup (51) ordinerast til prest i Den norske kyrkje i Dovre kyrkje, søndag 10. september kl. 17.00.

Sverdrup har tidlegare arbeidd som pedagog i barnehage og skule, og etterkvart som kyrkjelydspedagog og kateket. Ved å arbeide i kyrkja voks det fram ait ynskje om å lære meir teolog, som førte til master i kyrkjeleg undervisning som så var vegen vidare til prest. 

- Eg er veldig glad i folkekyrkja, kor det skal vere romsleg og høgt under taket. Dovre kyrkjelege fellesråds visjon "-ei kyrkje for alle - heile livet" tiltala meg difor veldig", seier Bente Sverdrup.

Det er biskop Ole Kristian Bonden som ordinerer. Vidare program for vigslinga vil kome. 

Dette er ei stor og viktig hending for kyrkja vår. Ein ny medarbeidar skal vigslast til å forkynna Guds ord, forvalta sakramenta, dra omsorg for kvart medmenneske i sjelesorg og skriftemål, og dessutan rettleia og formana til ei levandre tru på Kristus.

Dovre sokneråd ynskjer velkome!

 

Her i Dovre kyrkje vil ordinasjonen av den nye soknepresten skje. Foto: Hamar bispedømmeråd
Her i Dovre kyrkje vil ordinasjonen av den nye soknepresten skje. Foto: Hamar bispedømmeråd