Påskeevangeliet er fantastisk. Det er utgangspunkt for verdas største rørsle av håp. Det er ei forteljing som gjev menneske tru på livet og kjærleiken – trass alt.
«Det leitar mange etter no, anten dei sver til Gud eller ikkje», skreiv Aftenpostens kommentator Nazneen Khan-Østrem i ein kronikk rett før påske i fjor. Der minna ho om påska sitt grenselaust store bodskap i møte med livets og verdas bølgedalar, og la til: «Jesus døydde trass alt ikkje på krossen for at nordmenn skal ha påskeferie.»
«Eg er redd for å bli redd», seier Peder (15) i NRK-dokumentaren «Team Pølsa». Det er fleire enn meg som vart imponert og rørt av dei seks ungdommane og trenaren deira, Øystein «Pølsa» Pettersen. Seks ungdommar med ulike diagnosar og funksjonsnedsetjingar som skal gjennomføre eit skirenn under ski-VM i Trondheim. Etter første episode byrja eg berre å gråte. Eg vart overvelda av det som skylte over meg der eg sat i godstolen.
Dei lever med diagnosar som ikkje let seg lækja, og døden så tett på kroppen. Og dei er jo berre born. Og sjølv om dei skulle klare å koma i mål i skirennet, blir dei jo ikkje lækja. Men Peder er sterk og uthaldande, med kjenslene utanpå kroppen og med eit stort hjarte for alle. Og det er dei menneskelege eigenskapane som rører meg mest. Mot, audmjukskap, men òg sinne. Korleis dei er med kvarandre, som lag.
Og då den beskjedne og stillfarne Sunniva (14) – laget si trygge hamn og kaptein – held i stavane saman med Syver (13), han som inspirerer og tek utfordringar på strak arm og ser løysingar trass barnedemens og at han ikkje lenger ser – og saman køyrer ned den brattaste bakken i Granåsen på isføre og med dødsangsten i spora i siste episode – då minner det meg samtidig om håpet i den tomme grava.
For kva er håp? Og kva slags framtid kan vi håpe på?
Helt sentralt i påska og i den kristne trua er håpet. Håp for oss sjølve og for verda – basert på trua om oppstoda. For det kristne håpet er noko anna enn optimisme og tru på framsteg og framgang. Håpet som vekkast ved den tomme grava er noko anna, forankra både i Guds skaparvilje og Gudsrikets løfte.

Altertavla i Hunn kyrkje av Victor Sparre kom på plass i 1973. Foto: Aslaug S. Haugen.
Håpet handlar om kva slags makt som er sterkast, og kva slags Gud vi eigentleg prøver å setje vår lit til. Det er eit håp som er uløyseleg forankra både i krossen OG den tomme grava. Det er forankra i Jesus sjølv. Han som gjer at også vi kan halde fast ved håpet om Guds nærvær i lidinga, om oppreising på botnen av tilværet og om kjærleiken som er sterkare enn døden.
Håpet om æva er kanskje ikkje det vi er mest opptekne av i vår tid, men håpet som ligg i den tomme grava handlar i sitt djupaste om det evige. Det handlar ikkje berre om håpet om betre tider, men om sigeren over døden og dødskreftene, og at Gud ein gong skal gjere alle ting nye.
Det er kraft i dette, sjølv om vi veit at vi alle skal døy ein gong. Det gjev kraft til håpet og ei framtid i livet og kjærleiken si retning – uansett. Vi er ein del av ei håpsrørsle.
God påske!
Ole Kristian Bonden
Biskop
