Browseren din har feilaktig blitt gjenskjent som en bot utifra User-agent verdien = CCBot/2.0 (https://commoncrawl.org/faq/) . Vi hadde satt stor pris på om du kunne sende denne feilmeldingen til: skjeri@kirken.no slik at vi får fikset dette for deg og alle andre med samme browser
Er du ferdig med konfirmasjonstida? Bli med i Kraft! Dette er den nye satsinga i Førde kyrkje for deg som er ung eller ung vaksen. Følg kontoen vår på Instagram: @kraft.ung og på Kirkesnappen, for info om det som skjer.
Viksdalen 24. august, Bygstad 31. august, Sande 07. september.
I løpet av mai vil vi sende ut brev om påmelding til nye konfirmantar - det kjem i posten.
«Myldrekyrkje» er eit nytt gudstenestetilbod på Sande – og det ligg i namnet at her er det låg terskel for å myldre saman. Det gjer ingenting om små barn spring rundt og er litt på og av. Det er rom for prat, både om dagens tema, men også berre i det å kome saman! Neste myldregudsteneste blir søndag 22. september kl. 14.00.
Det finst kjærleikssorg, sorg for eit havarert samliv, sorg over helseproblem, over at ein må flytte eller er utan arbeid, at ein mistar eit kjæledyr – lista er lang. I denne artikkelen som først vart publisert i Kyrkjebladet for Gaular er det sorgen over å miste ein person som har betydd mykje for ein vi vil fokusere på.
Sorg kan kjennes som ein knekk i livet som ein ikkje alltid ser korleis ein skal reise seg frå. Men det går an – slik bjørka på bilete minner oss om. Men spora vil alltid vere der. Som arr etter sår. Etter ei tid kan ein kanskje berøre såret og arret utan at det byrjar å blø kvar gong?
Barseltreff er eit tilbod for dei minste borna saman med foreldre der vi legg vekt på sosialt samvær og moglegheit for litt babysong ilag. Vi samlast annakvar torsdag i skuleåret. Opningstida er frå 13.00-14.30, men ein stoggar så lenge det passar.
Vi stiller med kaffi og te og noko å bite i. Difor er det 30 kr i Vipps (Babysong i Gaular #513486) for kvar gong og påmelding seinast kl. 12.00 same dagen til Ragnhild Stav: (mob) 90967627.
Gaular Frivilligsentral og Kyrkja i Gaular startar opp igjen med Tysdagskafé på kyrkjelydshuset tysdag 16. august. Tilbodet skal vere for alle på Sande. Det er gode parkeringsmoglegheiter, kort veg frå sjukeheimen, rullestolvennleg, og barnevognvennleg. Velkomen!
Sorggruppe er eit tilbod til deg som har mista ein nærståande. Støttegruppa vil vere ein stad der du kan dele tankar og erfaringar med andre som opplever liknande situasjon. Ein stad der sorg og sakn kan få plass – men også håp og livsmot. Oppstart: tysdag 27. februar.
Påmeldingsfrist 16. februar til kyrkjekontoret.
I høve orgeljubileet i 2023 ynskjer ein å få realisert planane om restaurering og utviding av orgelet med ei 4 fot prinzipal-stemme. Prosjektet har kostnadsramme på kr. 207.000.- eks. mva. Innsamling starta i 1993. Totalt inkomt beløp: kr. 120.000,-.
Kr. 87.000,- gjenstår å samle inn.
Vi oppfordrar lag, organisasjonar og enkeltpersonar i heile soknet om å bidra med gåver til arbeidet.
Bankkontonr. 3705.40.68353 (merk betaling med "orgel Viksdalen")
eller Vipps #768919 kan nyttast ved innbetaling.
Gåva vil bli brukt til å gjere det finare i kyrkja eller ved gravplassen utanom det som er vanleg drift og vedlikehald. Gåva kan ikkje nyttast til enkeltgraver. Betal med Vipps eller kontonr. 3705.40.68353. (Merk med «Blomefond» og kyrkjestad ved betaling til kontonummer)
Kyrkjelydshuset står ved sida av Sande kyrkje. Her er god plass til mange slags arrangement. Vi har wifi, lydannlegg, prosjektor og skjerm. Kjøkkenet er nytt, stort og velutstyrt. Flygelet kan du òg bruke mot eit tillegg i prisen.
Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:
Se instruksjoner for din nettlester under:
Internet explorer
Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"
Chrome
Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista
Firefox
Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert