Den norske kyrkja forventar at meir enn ein million menneske kjem innom kyrkja i løpet av årets siste månad.
– Jul og kyrkje heng saman. Med meir enn 1600 kyrkjer over heile landet vil det vere mange moglegheiter til å få høyre juleevangeliet og synge Deilig er jorden. For mange er det dette som gir julestemning.
Det seier Harald Hegstad, som er leiar i Kyrkjerådet.
Med julekonsertar, lysmesser, skulegudstenester, barnehagevandringar, adventssamlingar og overnatting for 11-åringar er det eit variert program i kyrkjene før jul. Det mest populære er sjølvsagt gudsteneste på julaftan, der det er venta nærare ein halv million deltakarar.
Adventstida, som starta i går, handlar om å vente og å førebu seg på det som skal skje i jula, fortel Hegstad:
– Å gradvis tenne fleire lys i adventsstaken er ein fin måte å førebu seg på jula. Det kan ein både gjere heime rundt frukostbordet, eller på ei gudsteneste i kyrkja.
