Det har vore eit eige ungdomsprogram på Samiske kyrkjedagar, og deltakarene i ungdomsprogrammet har gjennom helga skrive på ein appell til kyrkjene i Sápmi. På den siste dagen i Alta, blei oppmodingane presentert i Nordlyskatedralen.
Dei unge som presenterte appellen, var Alma Åhren, frå Östersund i Sverige, Lilja Onerva Ljetoff frå Sevettijärvi i Finland og Emanuel René Sjo Paulsen, frå Tysfjord i Noreg.
Betre samarbeid i nord
Dei var mellom anna opptekne av samarbeid over grensene. Sápmi har ikkje grenser og av den grunn treng vi ei grenselaus kyrkje. Dei ulike kyrkjene i Noreg, Sverige og Finland påverkar kvarandre, og dei må samarbeide for ei meir samla kyrkje i nord.
Andre punkt på lista, er
- Meir joik og salmesong på samiske språk
- At kyrkja held fram med å støtta våre menneskerettar
- Ansvarleg skogbruk
- Likestilling i kyrkjene våre
- Bibelomsetjingar til alle samiske språk
- Meir samarbeid over landegrensene
- At kyrkja anerkjenner og lyttar til oss
Biskopar frå tre land kom med respons, og mellom anna biskop Olav Øygard i Nord-Hålogaland takka for innspela, og kommenterte på ønsket om meir joik og samisk språk i gudstenesta.
– Det er heldigvis meir joik i gudstenesta no. Då eg byrja som prest her i Alta, var det ikkje lov i det heile tatt. No meiner eg at vi må joike i kyrkja, eg vil gjerne høyre meir av det. Eg kan òg fortelje at det har blitt naturleg med samisk i gudstenestene i dei tre nordlege bispedømma, både når ein vel salmar og når ein seier velsigning. Men vi treng fleire tilsette i kyrkja som kan snakke samisk, og det er ei utfordring.
Kyrkjerådsleiar Harald Hegstad var og til stades under kyrkjedagane, og han er glad for utfordringane frå dei samiske ungdommane.
– Dei peiker med rette på den rolla kyrkjene spelte i kolonialiseringa av Sápmi, og utfordrar kyrkjene i deira rolle i forsoningsprosessane. Som eg sa ved opninga av kyrkjedagane her i Alta: Slik kyrkja var ein del av problemet, må den og bli ein del av løysinga. Eg merka meg særleg det ungdommane seier om ei kyrkje utan grenser, der ein ser samisk kyrkjeliv på tvers av nasjonsgrensene. Dette er ei viktig utfordring til kyrkjene i Finland, Sverige og Noreg om å utvikle samarbeid på dette feltet.
Språkrik avslutningsgudsteneste
Avrundinga på kyrkjedagane var storslått gudsteneste i fullsette Nordlyskatedralen. Bibellesingar, bøner, salmar og preike blei formidla på til saman åtte språk, fem av dei var samiske. Biskopar frå heile Sápmi, erkebiskop Tapio Luoma og preses i Den norske kyrkja Olav Fykse Tveit var òg til stades.
Ein stafettpinne i form av ein engel blei gitt til Sverige, som skal arrangere neste Samiske kyrkjedagar. Det blir ein eller annan plass i nabolandet i aust, om om lag fire år.
Frå gudsteneste på avslutningsdagen på Samiske kyrkjedagar 2025. (Foto: Den norske kyrkja/Ørjan Marakatt)




