Gravplassmedarbeidar 40% fast stilling
Ulvik sokn søkjer medarbeidar til stell av grøntområde og graver, samt administrativ støtte i vinterhalvåret.
Me ser etter deg som:
• Har praktisk erfaring frå vedlikehaldsarbeid, hagearbeid eller liknande
• Likar fysisk arbeid ute i all slags vêr
• Har orden, ansvarskjensle og praktiske ferdigheiter
• Har evne til å arbeide sjølvstendig og i samarbeid med andre
• Er serviceinnstilt og ryddig
• Trivst med varierte oppgåver
• Grunnleggjande datakunnskap er ein fordel
Reinhaldar / Supplerende kyrkjetenar 20% fast stilling
Ulvik sokn søkjer medarbeider som kan ta ansvar for reinhald og praktiske oppgåver i vakre Ulvik kyrkje. Arbeidstid vert avtalt nærare, men noko helgearbeid må påreknast. Dette er ei stilling for deg som trivst med varierte oppgåver, likar å
halde orden og har eit auge for detaljar.
Me ser etter deg som:
• Har erfaring frå reinhald eller praktisk arbeid
• Har evne til å arbeide sjølvstendig og i samarbeid med andre
• Er serviceinnstilt og ryddig
• Trivst med varierte oppgåver
• Grunnleggjande datakunnskap er ein fordel
Søknadsfrist for begge stillingar: 15.oktober 2025
Oppstart: Etter avtale
Meir informasjon her: www.eidfjordkyrkje.no
Send søknad med CV til: Eidfjord kyrkjekontor (vikarierer for Ulvik ved sjukefråver), Lægreidsvegen 24, 5783 Eidfjord eller post@eidfjordkyrkje.no.