"Ver ikkje redde!» (Matt 28,5)
Slik startar bodskapen til kvinnene som kom til den tomme grava. Det er ei utfordring å ta imot ein slik bodskap når ein er redd og har grunn til å vere det. Likevel er det viktig å høyre etter. For det er meir å seie og meir å høyre også når ein er redd.
For seksten år sidan feira eg påske på Taiwan. Eg var invitert til å preike på eit stort jubileum for ei av dei protestantiske kyrkjene der. Det er ei suksesshistorie om ei kyrkje som har vakse og har mange store institusjonar, skular og sjukehus, og som sjølv driv misjon og bistand i fattige land. Det var ei stor forsamling på ein fotballarena, samla på sjølvaste første påskedag.
Eg valde å fokusere på den èine setningen i tekstane om den første påskedagen: «Ver ikkje redde!» Det er ei god samanfatning av påskedagens budskap. Det høvde godt til ei feiring av påske i ei kristen kyrkje, der vi song «Deg være ære» på fleire språk. Eg visste også ein god del om det som også då var den uavklarte statusen til Taiwan, og den uroen folk der kjente på.
Reaksjonen var sterkare enn eg ante. Med tårer i augene og bevande stemme var det fleire som måtte fortelje meg korleis dette hadde truffe dei, midt i hjarta. Kanskje ville eg seie med norske uttrykk: Midt i magen. Eg vart litt uroleg for at eg hadde trykt på «feil knapp» på ein slik festdag. Men dei kom og takka for at eg forstod dei og angsten deira. Redselen for framtida var grunnstemningen bak all feiring av kyrkjas historie. Eg vart nesten litt lei meg, at eg hadde trykt på «dei vonde knappane» på ein dag for feiring. Men som verten sa til meg: «Det var dette vi trengte å høyre. Det var ein bodskap som tok oss på alvor, både redselen og gleda og takken. Du fekk fram at det er meir å seie enn det som gjer oss redde.» Dei kjente på den store politiske og militære stormaktskampen, og som er meir betent i dag, både der og mange andre stader.
Kvar påske er det nokon som spør for å sjekke kor mykje kunnskap folk flest har om denne kristne høgtida. Den kristne påskefeiringa handlar om det som skjedde med Jesus i Jerusalem. Og det var sanneleg ganske så mykje, når ein tar med alt frå palmesundag til påskedag. Det er er voldsom dramatikk i desse tekstane.
Men påska handlar alltid om oss, også. Påskas budskap er ikkje berre å fortelje ei viktig historie. Det er heller ikkje berre ein bodskap å reflektere over, slik teologar har gjort og skal halde fram med. Begge deler er viktig. Det er noko som faktisk har skjedd, og det er avgjerande viktig kva det betyr.
Påskas budskap er til oss som lever med alt det livet byr på av redsel og tillit, sorg og glede. Dei eg møtte på Taiwan lærte meg noko om det. Dei ville ikkje at vi skulle gløyme redselen fordi vi feira påske og kyrkjejubileum. Tvert imot, det er nettopp i møte med påskas budskap at vi også skal ta vår uro og redsel på alvor.
Påskeforteljingane handlar om menneskeleg forstillelse, svik, om hovmot og svikt, om misbruk av makt, om kor grusomt menneske kan behandle andre. Påska handlar om det vonde og det gode, om døden og livet. Det er ikkje kyrkja som har funne opp at det er synd i verda, og at det er nødvendig å ta eit oppgjer med den. Det er heller ikkje berre i kyrkja ein talar om død, sjølv om det er ofte der vi har gravferder. Så handlar påska om grunn til glede i alt som møter oss, også når ein har grunn til å vere redd.
Påska har eit budskap til oss om at det alltid er noko meir. Meir enn urett og ufred, meir enn sorg, og meir enn død. Når det heiter «Ver ikkje redde!» er det ikkje fordi det ikkje finst noko å vere redde for i denne verda. Men det er ein bodskap om at det er meir som er sant, heilt sant.
Det er mange – under svært ulike vilkår - som feirar påske i heile verda og syng «Deg være ære, Herre over dødens makt!».
Det er nokon som heile tida seier til oss «Ver ikkje redde!» Det er ein vi kan ha tillit til. I alt vi ikkje forstår og ikkje kan glede oss over lyder det også til oss desse orda: «Ver ikkje redde!».
Påska seier oss at det er grunn til å ha tillit til Gud, livets opphav og gjevar. Det er ein som er sterkare enn døden. Det er noko meir her i livet enn alt det som møter oss av det vonde, av sorg og død. Dette meir er også heilt sant. Det gir oss mot til å leve, til å tru, håpe og elske.
Det er det vi uttrykkjer når vi feirar nattverd i kyrkja:
«Kristus døde. Kristus sto opp. Kristus skal komme igjen.
Han vere ære for kjærleiken som er sterkare enn døden.»
God påske!
