Kven skal leggje fram attest?
Alle frivillige medarbeidarar over 15 år som deltek på leir, eller utfører oppgåver som inneber eit tillits- eller ansvarsforhold overfor mindreårige eller menneske med utviklingshemming, må leggje fram politiattest. Det blir vanlegvis ikkje henta inn politiattest frå foreldre og andre medhjelparar som berre har administrative oppgåver utan direkte kontakt med borna.
Sjølv om du har lagt fram politiattest i andre samanhengar, må det hentast inn eigen attest til Øygarden kyrkjelege fellesråd. Ein attest som er utferda til bruk i ein annan samanheng, kan likevel godkjennast dersom han er under eitt år gammal. Har du nyleg søkt om politiattest, kan du med denne grunngjevinga få avslag frå politiet når du søkjer om ein ny. Du må då be politiet om ein kopi av den førre attesten og vise frem til Øygarden kyrkjelege fellesråd.
Korleis søkje om politiattest
Alle over 18 år blir tilrådde å søkje om politiattest digitalt, men du kan òg søkje per post.
Under punktet «Føremål med attesten», vel «Trus- og livssynssamfunn» både som kategori og føremål.
Stadfestingsskjema frå Øygdarden kyrkelege fellesråd
Stadfestingsskjema frå Øygarden kyrkjelege fellesråd må leggjast ved søknaden, elektronisk eller per post.
Attesten må visast til næraste leiar før oppstart.
Næraste leiar registrerer at attesten er lagd fram.