Pårørandegruppe i Foldnes kyrkje

I januar 2023 starta vi ei pårørandestyrt sjølvhjelpsgruppe i Vestfløyen i Foldnes kyrkje. Gruppa er for deg som står nokon nær med eit rusproblem. Rusproblem kan råke alle, i alle aldrar, og når rusmiddel fører til utfordringar i arbeid, skule, fritid eller nære relasjonar, blir det krevjande både for den som er råka og dei pårørande.

Renate Olsen Seim starta denne gruppa i lag med ein annan frivillig som også er pårørande.

Vi møtast annan kvar torsdag i partalsveker kl. 19-21. Siste samling før jul var 12. desember, og neste møte vert 9. januar.

Julehøgtida kan vere spesielt krevjande

For mange pårørande kan høgtida vere ekstra vanskeleg. Bekymringar, usikkerheit og ei kjensle av å vere åleine kan forsterkast i ei tid der fellesskap og glede ofte står i sentrum. Å dele erfaringar, gi og få støtte, og kjenne på fellesskap kan gjere ei stor forskjell. Pårørandegruppa blir opplevd som eit viktig møtepunkt, særleg i periodar som er tunge for mange.

Ein stad for støtte og fellesskap

I gruppa kan du dele opplevingar, få støtte, gode råd eller berre lytte om du ønskjer det. Vi legg stor vekt på tryggleik, empati og respekt. Dette er ikkje behandling, men eit fellesskap der du som pårørande ikkje står åleine. Mange trur at ei pårørandegruppe berre er for dei som står nokon nær med tung rusavhengigheit, men det stemmer ikkje. Gruppa er open for alle som kjenner på uro knytt til nokon ein kjenner med eit rusproblem, uansett situasjon.

Praktisk informasjon:

  • Møta er gratis og ope for alle over 18 år, uavhengig av livssyn eller bustad.
  • Tausheitsplikt gjeld for alle som deltek.
  • Du kan møte opp utan å melde frå på førehand, eller ta kontakt med Renate Olsen Seim på telefon 930 36 160 om du lurer på noko.

Velkomen til eit fellesskap der du kan finne støtte, forståing og gode råd. Du er ikkje åleine.

Kontaktinformasjon for Øygarden kyrkjelege fellesråd

Takknemleg, tenande, frimodig

Opningstider resepsjon:
Måndag, onsdag og fredag
kl. 09.30-14.30

Telefon: 400 03 316
post.oygarden@kyrkja.no

 

Øygarden kyrkjekontor
Tytebærbrekko 2
5353 Straume

Vi har kontor i andre
etasje på Temahuset. 

 

Bankkonto: 1506.35.46515

Organisasjonsnummer: 976 995 430

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"