I Hjelme og Blomvåg sokn er det Ellen Ebbesvik som er diakonimedarbeidar.
Kyrkja driv eit diakonalt arbeid i kommunen, på ulike område: treff, besøksteneste, innvandrararbeid via Frivillighetssentralen, gjennom «Språksprell». Me har samarbeid med dei andre sokna i kommunen. Me arrangerer temakveldar, sorg/samtalegrupper, og samlivskurs. Mange frivillige er med i denne tenesta.
Eldretreff
Treffa finn stad i Hjelme kyrkje 2. torsdag kvar månad kl. 11.00-13.00, og på Tednebakkane omsorgsenter 2. tysdag kvar månad kl. 16.30. Ofte har me gjestar utanfrå kommunen som bidreg med program. På desse samlingane vert det servert middag og ein har ei samling om Guds ord med tale, song, vitnemål og andre innslag. Det vert og rikeleg tid til sosialt fellesskap der ein kan treffe gamle kjente eller knyte nye kontaktar. Samlingane er opne for alle som ønskjer og har anledning til å vera med. Ein kan komme på alle samlingane sjølv om ein ikkje høyrer til i den kyrkja føremiddagstreffet er.
Besøkstenesta
Besøkstenesta er viktig. Mange menneske er mykje åleine, og treng nokon å snakka med innimellom. Då kan dei ta kontakt med diakonimedarbeidaren eller kyrkjekontoret. Me har også nokre frivillige som er med i denne tenesta som du kan få besøk av. Kanskje er det DU som skal vera med på dette? Me treng fleire frivillige, så berre ta kontakt! Les meir om besøkstenesta her.
Småprat - med noko attåt
Her er det plass for alle. For deg som ønskjer å sitte og prate, og for deg som vil strikke, hekle eller gjere andre hobbyar. På småprat er det ingen krav om å stille med verken det eine eller andre. Kom som du er og det er nok for fellesskapet.
Kveldane blir med låge skuldrer. Det blir servert te og kjeks, det blir kanskje ei lita utlodding og nokon enkle kveldstankar som avslutning på samværet.
Velkommen til uformell samling på kyrkjekontoret på Rong, fire tysdagar i semesteret kl. 18.30-20.30. Sjå datoar på skjerikyrkja.no
Livets lys - eit fellesskap for alle utviklingshemma i alle aldrar i heile kommunen
Livets lys er ei samling på to timar der vi først samlast i Foldnes kyrkje der vi mest syng saman og for kvarandre. Alle kan gripe mikrofonen og synge, spele eller dele noko med dei andre. Etter samlinga er det kveldsmat.