Trusopplæringsdagen T2 Påske

Laurdag 14. mars var det «T2-dag» for dei som er fødde i 2024. Dette er ein T-dag med påske som tema. Heile storfamilien er invitert til å bli med, og til saman tre generasjonar var representerte denne dagen. Saman vandra vi eit lite stykke av turvegen frå Foldnes kyrkje, i retning dagsturhytta ved Larslivatnet.

Publisert:

Trusopplæringsdagen T2 Påske

Langs vegen vi innom ulike stasjonar som hjalp oss å bli kjente med påskeforteljinga: Jula, palmesøndag, skjærtorsdag og langfredag. På kvar stasjon fekk vi oppleve påskeforteljinga med ulike sansar. Vi fekk først sjå litt på barnet i krubba, og der snakka vi om at forteljinga om Jesus eigentleg startar i jula. Neste stasjon var palmesøndag, der vi fekk vifte med palmeblad og syngje «Hosianna, Davids son». På skjærtorsdag hadde vi «fotvask» (utanpå støvlane), og alle fekk smake på «usyra brød» (riskaker). Deretter gjekk vi vidare til langfredag, der vi fekk høyre om at Jesus døydde på krossen og blei lagt i grava i hagen.

Etter langfredag brukte vi sabbaten på å rusle roleg tilbake til kyrkja. Der fekk vi hengje fra oss utekleda i garderoben, og så opna vi døra inn til kyrkjerommet, der det store altaret var pynta med lys og blomstrer. I forteljinga vår var no altaret nemleg blitt til den tomme, opne grava på påskemorgon. Lyset vann over mørkret! Livet vann over døden! Jesus hadde stått opp, og det var grunn til å feire.

Små og store samla seg rundt altarringen. Saman song vi «Dine hender er fulle av blomster» og «På Golgata stod det et kors». Alle fekk leggje blomstrer på og framfor den opne grava. Dei som ville, fekk også krabbe igjennom altaret for å «sjekke om grava var tom».

Etterpå gjekk vi inn i kyrkjelydssalen, der det var rigga til leik, kaffikos og ein god prat. Kvar familie fekk ei påskebok og ein påskekalender i gåve frå kyrkja.

 

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"