«T10 HalloTweens» i Fjell kyrkje

Fredag 24. oktober var Fjell kyrkje fylt med ca 120 fargerike, flotte og festglade «tweensarar», altså dei som går i femte til sjuande klasse. Dei fleste av desse var femteklassingar, og dei hadde fått høgtideleg invitasjon i posten.

Publisert:

«T10 HalloTweens» i Fjell kyrkje

T0 HalloTweens er nemleg ein kveld som både er ein T-dag for tiåringane, og ein «tweenskveld» for alle. Vi hadde også med oss ein fin gjeng med dyktige leiarar i alle aldrar, alt frå konfirmantar til pensjonistar. 

Mange hadde kledd seg ut, både tweensarar og leiarar. Kvelden var fylt med masse kjekt og variert program, både fellessamlingar og sjølvvalgte aktivitetar. Mellom anna hadde vi BlimE-dansen, «capture the flag», «grip mikrofonen», jenteprategruppe, kiosk, andakt, ballspel, gaming, bordtennis og formingsgruppe. 

Fleire var med på tweenskveld for aller fyrste gong. Vi håper alle fekk lyst til å bli med på tweensarbeidet vårt vidare, anten det er på «Lillelørdag» i Foldnes kyrkje, i tweenskoret i Landro kyrkje, eller på tweensklubben i Fjell kyrkje. 

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"