Gjennom gripande musikkinnslag og opplesing av dikt fekk sorga og saknet rom, men også minna og kjærleiken til dei vi har mista. Samlinga var samtidig meir enn ei stund til minne. Ho var òg for menneske som framleis kjempar, og som kan bera på sorg over eiga helse og over at livet ikkje vart slik dei ein gong hadde håpa.
Minnegudstenesta var meint å vera ein stad der alle kunne kjenna seg velkomne, uavhengig av livssyn, og der fellesskapen kunne gi rom for både stille ettertanke og håp.
Etter gudstenesta heldt samværet fram i kyrkjerommet med varm suppe og brød, og dessutan kaffi og kake. Rundt borda vart det delt historier, minne og samtalar prega av både alvor og varme.
For mange vart dette ei stund som gjorde sterkt inntrykk. Håpet er at minnegudstenesta kan bli ein årleg tradisjon – ein stad der vi saman kan minnast, bera håpet vidare og stå i fellesskap med kvarandre.
