Haustleir for konfirmantar

Siste helga i oktober var ein flott gjeng konfirmantar frå Foldnes og Landro sokn samla til haustleir på Skjergardsheimen.

Publisert:

Haustleir for konfirmantar

På haustleiren var det mykje kjekt program. Fredag kvald var det mellom anna «bli-kjent-samling» og «30-leiken». På laurdag føremiddag hadde Morten prest bibelundervisning, og konfirmantane følgde godt med.

Etterpå var det tid for sjølvvalde aktivitetar, til dømes paintball, bordtennis og baking. Ei gruppe var ute med båt og fiska store delar av dagen, og dei fekk masse fisk. Alle konfirmantane som ikkje var på fiskegruppa, fekk prøve seg ute i kano. Vi var veldig heldige med vêret på laurdag, og stemninga var god, særleg då alle fekk bananar og sjokolade som pausekos under padlinga. På kvelden var det sjølvsagt leirkveld, leia av ungdomsleiarane våre, og under «henteleiken» vart både volumet, tempoet og engasjementet skrudd opp endå eit par hakk. 

På søndag var det Ung Messe med bønevandring, og mange av foreldra var med på både gudstenesta og på kyrkjekaffien etterpå. Der fekk vi alle kose oss med det som bakegruppene hadde trylla fram i løpet av laurdagen, før det var tid for å pakke inn i bilane og takke kvarandre for ei fin helg i lag.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"